Første fyllestasjon for hydrogenbilar opna

– Dette er som julaftan. Vi er mange som har jobba saman for å få dette til, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han, saman med byråd Julie Andersland, opna den første fyllestasjonen for hydrogen i Hordaland.

Fyllestasjonen vart opna i Åsane på bensinstasjonen til Uno-X like ved Gullgruven. Dette er den første på Vestlandet og den andre i Noreg. 

Satsar på hydrogen 

– Hordaland fylkeskommune har jobba lenge for å få dette til. Vi har vedteke ein eigen strategi for satsing på hydrogen som energikjelde. I fylkeskommunen har vi og kjøpt inn to hydrogenbilar, den eine til OT/PPT i Åsane og den andre i fylkesadministrasjonen. Vi har og sett på korleis vi kan stimulere andre til å satse på hydrogen. Drosje- og transportnæringa vil vi stimulere slik at dei kan kjøpe utsleppsfrie bilar. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune står saman om å få eit meir fossilfritt samfunn, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

HydrogenN1000B6988.jpg

Tilsette ved OT/PPT er godt nøgde med hydrogenbilen: Nina Ludvigsen (f.v.), Lisbeth Presttun, Janne Strøm, Cecilie Øvstedal og Torill Throndsen. 

Godt nøgd med hydrogenbil 

OT/PPT i Åsane er svært nøgd med den nye utsleppsfrie hydrogenbilen.

– Vi fekk bilen for to dagar sidan. Dette er første gong vi køyrer den. Vi er godt nøgd med bilen. Den er stødig og fin å køyre. Vi skal bruke den når vi skal på oppdrag lengst vekk i distriktet vårt som til Kvam og Austrheim, seier Torill Throndsen i OT/PPT i Åsane.

HydrogenN1000B6943.jpg

Åsane fekk den første fyllestasjonen for hydrogen i Bergen. Den andre skal byggast på Søreide. 

20 millionar i offentleg støtte 

Uno-X står for utbygginga av hydrogenfyllestasjonar i Hordaland. Dei har fått 20 millionar kroner i offentleg støtte til å bygge to fyllestasjonar og eit anlegg for produksjon av hydrogengass. I tillegg til Åsane, kjem den andre fyllestasjonen på Søreide. Produksjonsanlegget skal byggast i Simonsviken på Laksevåg. Totalt skal Uno-X investere 50 millionar kroner til dette. 

Til no er det 13 hydrogenbilar i Bergen og 100 i Oslo.

HydroN1000B6953.jpg

– Vi har lenge jobba for å få dette til, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han, saman med byråd Julie Andersland, opna den første fyllestasjonen for hydrogen i Hordaland.