Første elektriske ferje i Hordaland

– Dette er starten på ein verkeleg ferjerevolusjon, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han opna den første ferjestrekninga i Hordaland med elektrisk drift. «Møkstrafjord» skal trafikkere Austevoll-Krokeide.

– Tar eg ikkje heilt feil, så kjem det 17 nye ferjer i fylket vårt dei komande åra. «Møkstrafjord» er den første ferja som skal over på heilt elektrisk drift. Vi startar no ein ny generasjon ferjekontraktar i Hordaland. Dei inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstoff-forbruk og energibruk. Dei to første ferjene er på Austevoll-sambanda med Fjord1 som ny operatør. Dei starta 1. januar. Dei resterande ferjesambanda startar 1. januar 2019 og 1. januar 2020, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø. 

Fantastisk flott 

«Møkstrafjord» har plass til 130 personbileiningar (PBE) og 399 passasjerar.

– Dette er ein fantastisk flott ferje. Vi er svært godt nøgde, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

FerjeN1000B8106.jpg

Glede over den nye elektriske ferja: Marthe Hammer (nestleiar i utval for miljø og samferdsel), Dagfinn Neteland (administrerande direktør i Fjord1), Pål Kårbø (fylkesvaraordførar) og Oddmund Sylta (direktør i Skyss).

Systerferje 

Til sommaren kjem systerferja «Horgefjord» i Austevoll-sambandet. Desse ferjene vil ha elektrisk framdrift med plugin hybrid-teknologi. Ladinga skjer ved ferjekaiane. Ferjene har ei hybrid løysing, det vil seie at dei har motorar i tillegg til batteri.

Kaiane i Austevoll blir no bygd ut med ladesystem. Det skal monterast eit ladetårn på kvar kai. Anleggsarbeidet på Krokeide og Hufthamar startar snart.

FerjeN1000B8088.jpg

Den nye ferja har plass til 130 personbileiningar (PBE) og 399 passasjerar. 

370 000 køyretøy

Sambanda i Austevoll fraktar 370 000 køyretøy og 715 000 passasjerar årleg (tal frå 2017).

Etter dei to elektriske ferjene på Austevoll-sambandet, blir «Husavik»neste elektriske ferje. Den blir ferdigstilt ved Leirvik i Sogn innan utgangen av året og skal trafikkere sambandet Husavik-Sandvikvåg. Den har plass til 38 personbileiningar (PBE) og 149 passasjerar.

FerjeN1000B8049.jpg

Den nye ferja på veg inn til Krokeide ferjekai.