EU-prosjekt skal få ned fråfallet

Eit nytt EU-prosjekt skal få ned fråfallet i den vidaregåande skulen. Fire land, Noreg, Finland, Spania og Nederland, skal utvikle nye læremetodar som skal betre gjennomføringa i yrkesfag.

EU har gitt rundt 1,7 millionar kroner til dette samarbeidsprosjekt mellom dei fire landa. Prosjektet blir koordinert av Hordaland fylkeskommune. Årstad videregående skole og Nordlandsforsking er norske partnarar. Finland, Spania og Nederland har tilsvarande partnarar. 

Formell og uformell læring

– Skulen i dag er basert på formell læring. No ser vi etter meir uformell læring for å aktivisere motivasjon og interessene til ungdommene. Vi skal prøve å utvikle konkrete modellar for korleis ungdom kan bruke ikkje-formelle læremetodar i skulen, seier prosjektleiar Barbara Harterink i Hordaland fylkeskommune.

ArstadN1000B1.jpg

– Elevane skal lære av eigne erfaringar, seier prosjektleiar Barbara Harterink. – Vi ønskjer å utvikle nye modellar for læring som fungerer i lag med kvarandre, både av formell og uformell karakter, seier Dag Ofstad, som er forskar ved Nordlandsforsking (t.v.). Assisterande rektor Sigurd Trageton er glad for at Årstad videregående skole er med i prosjektet.

Frivillig jobb i EU

Årstad videregående skole og dei 30 elevane på barne- og ungdomsarbeidarfaget skal bli med i prosjektet.

– I over 20 år har Hordaland fylkeskommune sendt ut unge hordalendingar på frivillig jobb i EU gjennom ungdomsprogrammet til EU. Her har deltakarane fått lære språk og fått interkulturell kompetanse, personleg utvikling og livsmeistering. Dei siste åra har dette tilbodet vore skreddersydd for ungdom som har falle ut av vidaregåande skule i samarbeid med oppfølgingstenesta. I dette nye prosjektet ønskjer vi å vurdere korleis slik ikkje-formell læring kan brukast til å førebygge fråfall, seier Harterink.

Annan måte å lære på 

For å prøve ut uformell læring skal elevane på Årstad få tilbod om å reise som frivillig ut i Europa og gjere ein jobb i eit lokalsamfunn.

– Her skal dei lære på ein annan måte. Dei skal lære av eigne erfaringar. Dette skal bli eit tilbod som skal gje dei meir engasjement og motivasjon til å halde fram utdanninga. Vi vil undersøke kva som aktiviserer barn og ungdom og korleis dei driv barne- og ungdomsarbeid i ulike land og her heime. Vi vil samanlikne landa og prøve ulike modellar for korleis ungdom kan bruke uformelle læremetodar, seier Harterink.

Utvikle nye modellar 

Planen er at ungdommane skal få reise ut i påska neste år, slik at det ikkje går ut over den ordinære utdanninga. Elevar ved ein skule i kvart land, skal få vere med. Prosjektet går over 14 månader. To gonger i denne perioden møtest prosjektdeltakarane i Spania og Finland. Elles er kontakten digital mellom partane.

– Prosjektet skal utvikle nye modellar for å førebygge fråfallet. Desse modellane skal vi samle i ei eiga bok, seier Harterink.

Assisterande rektor Sigurd Trageton ved Årstad videregående skole er opptatt av internasjonalisering.
– Det er viktig å komme seg ut og lære av andre. Dette gir og høve til å sjå seg sjølv frå utsida og få ny input til å utvikle seg, seier Trageton. 

Skal få fleire til å fullføre

Nordlandsforsking er partnar i prosjektet. Forskar Dag Ofstad har jobba med fråfall i skulen sidan 1970-talet.

– I alle år har om lag ein tredel av elevane årleg droppa ut av vidaregåande skule. Vi treng å utfordre oss på å finne nye alternative løysingar for denne gruppa, samstundes som dei får oppfylt behovet for læring.

Ofstad ønskjer å kombinere både formell og uformell læring i dette prosjektet. 

– Den formelle læringa skjer i skulen, og vi har all den andre læringa som føregår elles i kvardagen til dei unge. Vi ønskjer å utvikle nye modellar for læring som fungerer i lag med kvarandre, både av formell og uformell karakter. Klarer vi å kombinere desse læringsformane er det med på å gi dei unge livsmeistring, seier forskar Dag Ofstad ved Nordlandsforsking. 

Åtte partnarar – fire land 

Prosjektet har fått namnet «Clue to inclusion» og er realisert gjennom EU-programmet «Erasmus+ !Aktiv ungdom». Det er eit utvekslingsopplegg med elevar. Deltakarane er åtte partnarar frå fire land. Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune koordinerer prosjektet. Finansieringa på rundt 1,7 millionar kronene er løyvd frå EU gjennom Barne-, ungdom- og familiedirektoratet (BUFDIR).