Elektrofag med studiekompetanse for «ingeniørspirer»

– Vi har det kjempegøyt her. Det fine er at vi kan gå rett ut i lære eller studere vidare til ingeniør. Det seier elevane Anine Larsen og Jacky Hansanthiah ved Laksevåg videregående skole. Dei tek elektrofag med spesiell studiekompetanse.

Dette er eit spesielt utdanningsprogram som berre Laksevåg videregående skole har hatt sidan 2015. Frå hausten får Stord vidaregåande skule same tilbodet. Søknadsfristen er 1. mars. 

– Til denne utdanninga vil vi ha elevar som er gode i realfag og som ønskjer tekniske utfordringar. Elevane får praktisk utdanning i elektrofag og teoretisk utdanning i realfag. Etter tre år får dei spesiell studiekompetanse og kan byrje rett på ingeniør- eller sivilingeniørstudium. Dei kan og velje å gå i lære og ta fagbrev, seier avdelingsleiar Tore Kleppe ved Laksevåg videregående skole. 

laksevagN1000B7132.jpg

Kadett Sindre Laukvik ved Sjøkrigsskolen underviser elevar ved Laksevåg videregående skole.

Kjekt, men mykje jobb 

Dei første 14 elevane har til sommaren gjennomført tre år ved Laksevåg videregående skule.

–  Vi vil tilrå andre elevar å ta denne utdanninga. Vi har det kjekt, men det er og mykje jobb. Dei to første åra var det mest yrkesfag. Dette siste året har vi mykje teori, som vi må gjennom for å få studiekompetanse. Du må ha motivasjon og vere glad i matematikk. Elektrofaga greier du alltid, seier Anine Larsen og Jacky Hansanthiah. 

Søkjer Statoil og BKK 

Elevane Victoria Johannessen og Elise Mikalsen har bestemt seg for vegen vidare.

– Vi vil gå ut i lære, ta fagbrev og bli elektrikar. No har vi søkt læreplass hos Statoil og BKK, seier dei to elevane. 

Gjennom desse tre åra har elevane hatt mykje praksis, meir enn på vanleg utdanning innan elektrofag. Ein del av praksisen er utanfor skulen i samarbeid med næringslivet og institusjonar. Denne dagen var dei på Sjøkrigsskolen der dei fekk praksis i å programmere ein motor.

– Det er gøy å få vere her og programmere, seier Victoria Johannessen og Elise Mikalsen. Dei fekk erfaring med å programmere ein motor til å gå med jamt turtal og korleis dei skulle bremse motoren.

laksevagN1000B7172.jpg

– Vi vil gå ut i lære, ta fagbrev og bli elektrikar, seier Elise Mikalsen og Victoria Johannessen som får rettleiing av Alexander Sauter ved Sjøkrigsskolen. 

Lærer å styre og overvake 

– Motoren er arbeidshesten i industrien. Den driv vifter, pumper, elbilar, kranar og skip etc. Alt kan drivast av ein elmotor. Før kopla vi motoren til straum og skrudde den på. Det nye i dag er datastyring av motoren. Elevane lærer å programmere motoren slik at den gjer det vi vil den skal gjere, seier Kleppe. 

Dataprogrammet elevane lagde på Sjøkrigsskolen, skal både styre og overvake motoren. Sjøkrigsskolen er interessert i elevar med slik utdanning.

– Vi rekrutterer elevar med matematikk og fysikk rett frå vidaregåande skule til våre tekniske linjer. Fordelen med desse elevane er at dei har både teori og praksis, seier høgskulelektor Arild Sæbø ved Sjøkrigsskolen. 

Til programmeringa får elevane rettleiing av kadett Hege Kråkevik.

– Elevane er flinke. Her får dei lære datastyring. Dei trykkjer og feilar utan at det går ut over utstyret, seier Hege Kråkevik som om eitt år går ut som leiande elektrooffiser med ansvaret for det elektriske om bord i eitt av skipa til Marinen. 

Utdanning for framtida 

Avdelingsleiar Tore Kleppe meiner elektrofag med spesiell studiekompetanse er utdanning for framtida.

– Norsk industri treng fleire fagarbeidarar og fleire med realfagkompetanse. Dette er ei perfekt linje for slik utdanning. Vi må sjå framover. Det må vi gjere om vi skal utvikle oss, seier Tore Kleppe. 

Elevane på linja kjem frå heile Stor-Bergen, Askøy og Sotra. Til hausten får og Sunnhordland tilbodet.