Ein smak av Europa

– Det er spennande å smake ny mat frå andre land. Sjølv om eg helst et italiensk mat, synest eg maten i Norge er god, seier Giovanni (17) frå Como i Italia. Torsdag deltok han på matfestivalen «Taste my country» på Amalie Skram vidaregåande skule saman med utvekslingselevar frå fleire europeiske land.

Dei to siste vekene har om lag 200 elevar frå Frankrike, Spania, Italia, Tyskland og Japan hatt utveksling på Amalie Skram vgs. Elevane bur hos norske vertsfamiliar og får oppleve norsk skulekvardag og norsk kultur i løpet av veka dei er her. På matfestivalen hadde elevane tatt med mat som er typisk for landet dei bur i – pølser, ost, kjeks, kaker, brød og diverse andre smaksprøvar.

Lett å bli kjent

Karolina (16) og Clara (16) frå Normandie presenterte det franske matbordet. Begge er svært nøgde med å vere på utveksling til Norge.

– Sidan vi kom søndag har vi vore på VilVite, på tur til Rosendal og fått oppleve korleis dei norske elevane har det på skulen. Vi synes nordmenn er åpne og lett å bli kjent med.

Belén frå Spania synes det er spennande å oppleve korleis norske familiar lever.

– Eg er svært godt mottatt. Vertsfamilien kan endåtil litt spansk, sjølv om vi stort sett endar opp med å gå over til engelsk, seier ho.

 SJÅ VIDEO: Kva synes elevane om Norge? Og kan dei synge? Husk lyd!

Grilling og olympiske lekar

Utvekslingsordninga på Amalie Skram er eit årleg opplegg. I januar var det bergenselevane som dro ut. Helene (16) budde då i Como utanfor Milano.

– Det er både intenst og kjekt med utveksling. Eg blei veldig godt mottatt av den italienske familien eg budde hos. No er det kjekt å vise fram skulen og byen til dei italienske elevane.

I tillegg til matfestivalen får elevane eit innhaldsrikt opplegg med ulike utflukter og museumsbesøk. Etter matfestivalen torsdag var det Amalie Skram Olympics der landa konkurrerte mot kvarandre i både volleyball, badminton, fotball. I tillegg skal alle elevane treffast for å grille på Fløien.

Mykje er likt

Ansvarleg for internasjonalisering på skulen, Maria Jose Sanchez Olsen, fortel at dette er fyrste gong dei har besøk frå fleire land på same tid. Dette gjer det mogleg å drive kulturutveksling gjennom arrangement som «Taste my country».

– I utvekslingsordninga får elevane sjå at det er mykje som er likt til tross for at kulturane og språket er annleis, seier Maria. Ho synes at det aller beste med opplegget er at elevane bur hos kvarandre.

– I vertsfamiliane får elevane oppleve kulturen og lære om landet på same tid. Å møte familiar på denne måten er også viktig når det gjeld å bygge ned fordommar og styrke toleranse på tvers av landegrensene.

Rektor Bjørn Lyngedal understreker også betydinga den kulturelle forståinga utvekslingsopplegget gir.

– Elevane får sjølvsagt god språktrening, men det aller viktigaste er at dei blir kjent med andre kulturar. Vi ser at elevane knyt sterke band til dei utanlandske elevane. Mange av venskapa kjem garantert til å vare livet ut.

Matfestival_Amalie_skram2.jpg

Elevar frå fleire europeiske land har blitt gode vener denne veka: Clara (Frankrike), Belén (Spania), Helene (Norge), Ole (Norge), Giovanni (Italia) og Karolina (Frankrike).