Ei kunstreise ombord på Bybanen

No kan du få med deg alle kunstverka langs bybanetraseen utan å køyre heile strekninga. Gjennom ni filmsnuttar får du sjå verka på nært hald på skjermar ombord på Bybanen. Filmane med korte tekstar skal gi informasjon og skape undring.

– Filmane er rett og slett eit ønskje om å la folk få sjå kunsten, ikkje berre på staden, men og som ein del av reisa. Kunsten fortener å synast fram og å bli sett, seier Ronny Skaar, utviklingssjef i Hordaland fylkeskommune.

Langs bybanetraseen frå sentrum til endestoppet på Flesland er det i alt ni kunstverk. Nokre enkle og nokre som er samansett av fleire delar. Sist haust stod dei siste verka ferdige då Bybanen vart utvida til Flesland. Ein kunstkomité har vore ansvarleg for utvalet, og arbeidet har vore leia av kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune, ved Ronny Skaar.

Undrande stemning

Informasjon om kunstverka er tilgjengelege på fylkeskommunen sine nettsider, men kulturavdelinga ville også gje informasjon til dei reisande der dei er. Ronny Skaar er godt nøgd med filmane og synes det er viktig og flott at det er kunst langs ein kollektivtrase.

– Håpet er at filmane gjer fleire merksam på kunsten som ein del av Bybanen. Kunst skapar undring og kjem ikkje med svara. Filmane har ei undrande stemning som underbyggjar dette, seier Skaar.

Han håpar at nokon blir så nyfikne på kunstverka at dei får lyst til å gå av Bybanen å ta dei nærare i augesyn når dei har fått meir informasjon om både kunstnaren og kunsten.

Meir kunst i vente

På første visingsdag om bord på Bybanen fekk Ronny Skaar fleire positive tilbakemeldingar på filmane.

– Det er kjekt å høyre at folk likar dei særs godt. Eg håpar mange kan verte inspirerte i kvardagen. Mellom informasjonsfilmar og formaningar, er det godt å bli invitert til ei kunstoppleving og å få leike seg, seier Skaar.

I Norge er kunst langs ein kollektivtrasé ikkje vanleg. Inspirasjonen er henta frå i Nice i Sør-Frankrike. Og arbeidet fortset. Kunstprogrammet langs skinnegangane til Fyllingsdalen er byrja.

– Kunstfagleg prosjektleiar er engasjert og det har vore fleire møte i kunstkomiteen. Den første kunstnaren er no i gong med dei første skissene til eit spanande verk, seier Skaar.