Den første norske sjømannskyrkja feira 150 år

Den norske sjømannskyrkja i Edinburgh er 150 år. Jubileet vart markert med deltakarar frå Hordaland og Skottland over tre dagar der det gode vennskapet over Nordsjøen vart feira.

Dette var den første norske sjømannskyrkja som vart bygt utanfor Noreg. Den opna i hamneområdet Leith i Edinburgh 31. august 1868.

Mange prominente gjester deltok i markeringa. Statsråd Ben MacPherson stod for den offisielle opninga og gratulerte med jubileet og det gode vennskapet mellom Skottland og Noreg.

Han er skotsk minister for Europa, migrasjon og internasjonal utvikling, og medlem av det skotske parlamentet. I tillegg deltok dr. Alasdair Allen som og er medlem av det skotske parlamentet, og den norske honorære generalkonsulen i Edinburgh, David Windmill.

EdinburghFlaggN1000B9443.jpg

Mange møtte fram til 150 årsjubileet i hamneområdet i Edinburgh.

Vennskapsregion 

Hordaland har i mange år vore vennskapsregion med Edinburgh. Herfrå kom Lisbeth Iversen som er styreleiar i stiftinga “Håndslag for vår eldste sjømannskirke”, styremedlemmene Johnny Stiansen og Terje Inderhaug, og lærarar ved Fitjar vidaregåande skule og rektor Bjørn Lyngedal ved Amalie Skram videregående skole. 

Sjømannskyrkja var i bruk til ut på 1970-talet då den vart kultursenter for Leith School of Art. Den gamle sjømannskyrkja er oppussa for 1,5 millionar kroner. Stiftinga «Håndslag til vår eldste sjømannskirke», som vart skipa i 1985, har bidrege.

EdinburghN1000ElevarB9980.jpg

Rektor Bjørn Lyngedal i samtale med elevar Amalie Skram videregående skole har i Edinburgh.

Viktig støtte til kyrkja 

Styreleiar i stiftinga, Lisbeth Iversen, sa under markeringa at det er viktig å støtte kyrkja og få merksemd om dette. Pastor Torbjørn Holt, ved den norske sjømannskyrkja i London, fortalte historia til den 150 år gamle kyrkja.

Det var den bergenske presten Johan Storjohann, som var utplassert i Edinburgh, som såg behovet for at skandinaviske sjømenn og fastbuande hadde ein fast stad å samlast.

Skipsreiarane Christian Salvesen og John Warrack støtte ideen om å bygge kyrkja i Leith. Under markeringa gjennomførte Holt den same gudsteneste som vart halden under opninga for 150 år sidan.

EdinburghN1000MatB4078.jpg

Fitjar vidaregåande skule laga til mat og drikke til jubileet, saman med Edinburgh School of Food and Wine.

Kulturelle diskusjonar 

Mange ulike innslag markerte jubileet. Kokkelærarar ved Fitjar vidaregåande skule serverte mat saman med Edinburgh School of Food and Wine. Dei hadde gode kulturelle diskusjonar om matlaging i dei to landa.

Musikar Espen Selvik spela presten Johan Storjohann og skapte ein fin atmosfære med trompeten. Det var og norsk og keltisk musikk med folkemusikkgruppa «Paul sine hanar».

EdinburghN1000UtstillingB9529.jpg

Ei utstilling om den norske sjømannskyrkja gjennom 150 år skal stå permanent utanfor kyrkja.

Kunstutstilling 

Jubileet vart og markert med ei kunstutstilling av Aage Storstein og barnebarnet Matthew Storstein. Utanfor kyrkja vart ei permanent utstilling om kyrkja gjennom 150 år avduka. Den er laga av kunstnar Kristina Chan som er utdanna ved kunstsenteret i kyrkja.

Professor Gunnstein Akselberg ved Universitetet i Bergen og parlamentsmedlem dr. Alasdair Allan fortalte om det norske og skotske språket og slektskap med andre språk.

Espen Selvik, som og har vore direktør ved Gulatinget, fortalde om vikingane som skapte den skandinaviske demokratiske modellen.

EdinburgKyrkjeN1000B9332.jpg

I 150 år har den norske sjømannskyrkja stått i hamneområdet i Edinburgh.

300 kunstnarar 

I dag får over 300 kunstnarar utdanning ved Leith School of Art i sjømannskyrkja. Det er planar om eit tilbygg, eit senter der kunstnarar kan bu og jobbe, og ein kafé der publikum kan setje seg ned og få seg kaffi og vaflar.