Dåp for ny ferje til Austevoll

Ferjesambandet Husavik – Sandvikvåg blir no elektrifisert. I dag vart ferja «Husavik» døypt ved verftet i Leirvik i Sogn. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er gudmor.

I løpet av året blir Austevoll den kommunen i landet med flest elektriske ferjer i landet etter at Hordaland fylkeskommune tildelte Fjord 1 ferjedrifta frå 1. januar i år. «Husavåg» er den andre av tre ferjer som skal trafikkere kommunen. «Møkstrafjord» var først ut på sambandet Krokeide – Hufthamar 17. april, og den tredje kjem i sommar, «Horgefjord», på same samband.

Til Kirkens bymisjon 

Under dåpen i dag sa Anne Gine Hestetun at gudmorgåva på 25 000 kroner skal gå til omsorgsbasen for kvinner som Kirkens bymisjon driv. 

«Husavåg» har plass til 38 personbileiningar (PBE) og 149 passasjerar. Den har både batteri- og dieselmotor for stabil drift.

Ny generasjon

Dei nye ferjene i Austevoll er starten på den nye generasjonen ferjer i Hordaland med omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstofforbruk og energibruk. Dette omfattar alle 17 ferjesamband som Hordaland fylkeskommune driv. Neste ut er kabelferjesambandet Masfjordnes – Duesund 1. januar 2019. Dei siste 14 ferjesambanda er på plass 1. januar 2020.