Bokbåten startar vårturen

Tysdag 6. mars startar bokbåten Epos på vårturen i Hordaland. Første stopp er Strøno i Os kl. 09.00.

Bokbåten er lasta med både nye og gamle bøker og lydbøker og kulturelle opplevingar. Både barn og vaksne langs ruta kan gle seg til at bokbåten stoppar på eit stopp nær dei.

Sørdelen av fylket får besøk først. På bokbåtstoppa Strøno og Vedholmen blir det underhaldning med Ramona Sulen sin versjon av eventyret Ulven og dei små geitekillingane av Brødrene Grimm. På resten av sørturen underheld Merethe Gauden med «Eventyrmuseet». Sørturen sluttar 16. mars.

Nordtur

Etter påske startar nordturen på Hjellvikvåg på Osterøy. Forfattar Magnus Holm skal lese og fortelje om robotar. Han har skrive ei bok om temaet. Nordturen varar frå og med 4. april og til og med 13. april.

Innbyggjarane i Førde i Sveio får høve til å delta på eit program som passar for heile familien. Gruppa Trio Tunnel skal spele Knutsen & Ludvigsen sine songar. Det vil også bli eit program for vaksne på Åsgård. Torodd Fagerheim vil ha ei framsyning med Jakob Sande sine tekstar og songar. Fagerheim les, fortel og spelar trekkspel.

Besøk på 4500 personar

Det er alltid stas når bokbåten legg til kai. Personalet om bord gler seg til å ta imot både små og store som kjem på båten fylde av forventing. Også i fjor hadde Epos ein liten auke i besøket med i underkant av 4500 personar om bord i Hordaland.

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Nettstad: www.bokbaten.no.

Båten kan òg følgjast på Facebook: https://www.facebook.com/BokbatenEpos/