Betre karakterar og mindre fråfall i Hordaland

– Dette er særs gledeleg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at fråfallet i den vidaregåande skulen har gått ned, elevane får betre karakterar og fleire får lærekontrakt.

Kvalitetsmeldinga for den vidaregåande skulen i Hordaland for skuleåret 2017-2018 viser ein klar framgang frå skuleåret før. Karaktersnittet på samtlege studieretningar har gått opp frå 3,9 til 4,0, fullføringa har auka frå 81,9 til 83,5 prosent, talet på dei som sluttar har gått ned frå 4,5 til 3,9 prosent, og tal lærekontraktar har gått opp med 100 til 4508. 

Satsinga gjev resultat 

– Dette syner at våre elevar og lærarar kan vere stolte av innsatsen dei har gjort. Det syner og at satsinga på skular og kunnskap har gjeve resultat. Vi har målretta innsats for at elevane skal trivast og ha godt læremiljø, med til dømes å innføre gratis frukost på alle skulane våre. Vi satsar på at fleire skal fullføre og at fråfallet skal gå ned, men vi skal ikkje kvile på laurbæra. Satsinga på skulen skal halde fram, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Kvalitetsmeldinga viser at dei vidaregåande skulane i Hordaland har hatt ein jamn auke i fleire som fullfører og består eksamen. Dei tre siste åra har auken gått opp frå 81 prosent, til 81,9 prosent i fjor til 83,5 i  år. På studiespesialisering har graden av fullføring auka frå 86,1 til 87,2 prosent, men det siste året er det særleg yrkesfaga og påbygg, for å få studiekompetanse, som aukar mest. Den har gått opp frå 70,4 til 72 prosent. Tar vi i tillegg med dei som går mot grunnkompetanse, aukar fullføringa til 74,9 prosent innan yrkesfag. 

Færre sluttar 

Talet på dei som sluttar i vidaregåande skule og ikkje byrjar på ny skule eller anna utdanningsprogram er og positivt. Talet har gått nedover dei siste åra. Skuleåret 2013/14 slutta 5,5 prosent, i fjor var det nede i 4,5, mens no er det nede i 3,9 prosent. Flest elevar sluttar i vg1 av personlege årsaker. 

Karakterane til elevane har vore relativt stabile over fleire år, men det siste året har det vore ein svak oppgang i gjennomsnittskarakteren for alle fag frå 3,9 til 4,0. 12 av dei 16 utdanningsprogramma har enten same eller høgare karakterresultat enn i fjor. 

Flest fullfører på idrettsfag 

Idrettsfag har flest som har fullført og bestått med 92,6 prosent og har hatt jamn auke dei siste åra. Størst auke i fullføring det siste året har restaurant og matfag med ein auke på heile 13,4 prosentpoeng til 71,2 prosent. Karaktersnittet har og bra utvikling med auke frå 3,4 til 3,6 i snitt. 

Hordaland er eitt av dei største og mest tradisjonsrike fagopplæringsfylka i landet og auka tal lærekontraktar med 100 til 4508 ved utgangen av 2017. Tal nye lærekontraktar auka frå 2072 i 2015 til 2224 i 2017. I fjor vart det avlagt 3175 fagprøver, som er 64 fleire enn året før. Ein tredel av desse er praksiskandidatar. Dette er vaksne med lang fartstid i faget, som etter bestått teoretisk prøve, kan ta fagbrev og få prov på at dei er fagutdanna i jobben dei gjer. 

Kvalitetsmeldinga har vore til politisk behandling i utval for opplæring og helse og går vidare til fylkesutvalet 21. og 22. november og fylkestinget 11. og 12. desember.