Årets Hordalending er Hilde Reikrås

Årets Hordalanding 2017 er etterforskingsleiar Hilde Reikrås ved Vest politidistrikt for opprullinga av overgrepsnettverka i «Dark Room»-saka. Ho tok imot kåringa av fylkesordførar Anne Gine Hestetun på nyttårsmøtet 3. januar.

– Takk for prisen. Eg set umåteleg stor pris på den, sa Hilde Reikrås. Prisen Årets Hordalending skal løfte fram ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland.

Diplom og 50.000 kroner

Fylkesordføraren har leia juryarbeidet og overrekte prisen på 50.000 kroner og eit diplom.

– Hilde Reikrås har leia eit stort team etterforskarar i opprullinga av overgrepsnettverka i operasjon «Dark Room». Gjennom systematisk og samordna innsats, med nyskapande bruk av teknologi og etterforsking, har Vest Politidistrikt synleggjort grove overgrep av barn på nett, med både lokale og globale forgreiningar. Ei etterforsking som har medført mange siktingar. Det er avdekka ein ny trend som uroar oss alle, der dei mest sårbare av oss er offer. Etterforskinga har medført merksemd på dette alvorlege temaet og synleggjort kor farleg kvardagen på internett kan vere for barna, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Mykje hardt arbeid 

Prisvinnaren gav honnør til alle som har arbeidt med saka.
– Det ligg mykje hardt arbeid bak. Eg vil takke alle medarbeidarane som har gjort utruleg innsats kvar dag. Overgrep mot barn på internett har stort omfang. Vi må halde fram. Det er mykje ugjort arbeid. Politiet må få verkemiddel og handlingsrom for å ta tak i desse alvorlege overgrepa mot barn. Men politiet kan ikkje ta kampen åleine. Samfunnet må førebygge seksuelle overgrep, sa Hilde Reikrås.

Utmerka seg

Kriteria for tildelinga av Årets Hordalendng er mellom anna at prisvinnaren må ha utmerka seg lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Personen må vere frå Hordaland eller bu i fylket. Ein person kan berre bli Årets Hordalending ein gong.