Arbeidsløysa redusert med 35 prosent i Hordaland

Aktiviteten i næringslivet aukar og arbeidsløysa har stupt dei to siste åra, viser den ferske rapporten «Hordaland i tal». Rapporten frå Hordaland fylkeskommune viser òg at det for første gong er over 50 000 bedrifter i fylket.

– Dette er teikn på at nedgangstidene etter oljeprisfallet snart er over. Det er no viktig at arbeidslivet rustar seg for framtida for å kunne møte utfordringane som kjem. Både konjunktursvingingar og dei store teknologiske endringane gir nye krav til kompetanse og nytenking. Det er derfor viktig å leggje til rette for innovasjon, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Krisa ikkje over i heile fylket

Arbeidsløysa i Hordaland er redusert med 35 prosent dei to siste åra. Rapporten viser at det mellom januar 2017 og november 2018 blei over 4500 færre som er heilt ledige eller arbeidssøkjande på tiltak. Fleire kommunar har no langt mindre arbeidsløyse enn før oljeprisfallet, men krisa er enno ikkje over i heile fylket. I kystkommunane utanfor Bergen er arbeidsløysa framleis høg. Høgast var den i Øygarden med 4,6 prosent, medan Sund hadde 4,2 prosent og Fjell 3,8 prosent. Lågast var arbeidsløysa i Jondal, Ullensvang og Masfjorden – alle under ein prosent.

50 000 bedrifter

I løpet av 2017 var det for første gong meir enn 50 000 bedrifter i Hordaland. Det har vore bedriftsvekst i alle næringsgruppene i 2017 med unntak av i undervisningssektoren. Bedriftsveksten var på 2,6 prosent. Den var dermed fem gonger høgare enn folkeveksten på 0,5 prosent. Bedriftsveksten i Bjørnefjorden var spesielt sterk med 31 prosent auke frå 2009 til 2018. Samtidig viser rapporten at Hordaland har ein av dei høgaste konkursratane i landet.

Rekordhøg eksport

Frå Hordaland er det per oktober 2018 eksportert varer for litt over 65 milliardar kroner. Faktisk er det i løpet av dei ti første månadene i 2018 eksportert like mykje frå Hordaland
som i heile 2017 - og det blei eksportert nesten like mykje frå Hordaland som heile Vestlandet gjorde i heile 2002.

Kombinasjonen av høg laksepris og kraftig auke i eksportverdien på brenselsstoff det siste året, har gitt ei stor auke i den samla eksportverdien. Brenselsstoff står for største delen av veksten mellom 2017 og 2018. Men dei siste åtte åra har også eksporten av fisk hatt ein solid vekst. Fisk utgjorde på det lågaste 13 prosent av eksportverdien frå Vestlandet i 2008. I 2018 var den auka til 23 prosent.