Konkurranse i mai om nytt fylkesvåpen

Den nye fylkeskommunen på Vestlandet skal få nytt fylkesvåpen. Gjennom ein open innspelprosess, som startar i byrjinga av mai, kan alle kome med forslag til fylkesvåpen. Fristen er 1. juni.

Det nye Vestland fylkeskommune skal få eit fylkesvåpen som ikkje er ein kombinasjon av dei noverande fylkesvåpena til Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Motivet skal vere samlande og representere den nye fylkeskommunen på ein god måte. 

Enkelt og lett å kjenne att 

Det er tre hovudgrupper for motiv: Natur og landskap, kultur og historie og daglegliv/anna. Fylkesvåpenet må vere enkelt og lett å kjenne att. Det er ein fordel med få fargar og få motiv, helst berre ein farge, eitt motiv og eitt metall. Motivet bør fylle skjoldflata, vere forenkla og utan for mykje detaljar. 

Denne opne innspelprosessen skal skape engasjement, medverknad og kjensle av identitet hos dei som bur i det nye fylket. Barn og unge blir spesielt invitert til å delta i prosessen. Forslag til motiv skal teiknast enkelt, utan perspektiv eller skuggar. Det går og an å skrive ein tekst som forklarar korleis det skal sjå ut.

FylkesvapenN1000B8249.jpg

Ole Vegard Skauge i prosjektgruppa for nytt fylkesvåpen presenterer tradisjonen rundt fylkesvåpen for det politiske arbeidsutvalet. 

Premiering 

Meir informasjon og adresse for å sende inn forslag kjem i byrjinga av mai. Det vil bli informert om dette her på hordaland.no og på den felles nettstaden vlfk.no

Forslag som er komne inn til 1. juni, blir vurdert av ein fagkomite. Gode innspel blir premierte og vil bli tekne med vidare. Fagkomiteen skal føreslå motiv innan dei tre gruppene til 15. juni. Desse går til ein designkonkurranse der minst tre designbyrå skal utforme forslag til fylkesvåpen. Deretter skal fagkomiteen vurdere og rangere bidraga. 

Eit arbeidsutval med medlemmer frå begge fylka, skal behandle forslaga og legge fram innstilling for politisk behandling i fellesnemnda, som arbeider med samanslåing av dei to fylka. Til hausten skal dei to fylkestinga vedta det nye fylkesvåpenet. 

Fagkomite 

Arbeidsutvalet vedtok 24. april at desse fem skal vere med i fagkomiteen som skal vurdere forslaga: 

  • Janne Leithe, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • Jørn Øyrehagen Sunde, professor, jurist og rettshistorikar med heraldisk kompetanse
  • Ashley Booth, professor i visuell kommunikasjon ved Høgskulen for Kunst, Musikk og Design i Bergen
  • Oddmund Løkensgard Hoel, førsteamanuensis og språkhistorikar ved Høgskulen på Vestlandet
  • Geir Atle Ersland, UNESCO-professor ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen