6,6 mill kr til kulturelle prosjekt

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt vel 6,6 millionar kroner til 20 ulike prosjekt gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP). Mest får Vestnorsk Filmsenter AS med 1,4 millionar kroner til etablering av eit filmveksthus.

Filmveksthuset skal gje unge talent og nyutdanna filmskaparar frå 16 til 30 år høve til å utforske og halde fram med kreativ utvikling. Dei skal få fagleg og kunstnarsisk oppfølging og skal knyte kontakt med det profesjonelle filmmiljøet. Filmhuset skal bli ein pulsrande, framtidsretta og innovativ drivkraft og utviklingsarena for unge filmskaparar og filmarbeidarar. 

Det kom inn totalt 46 søknader om støtte til kulturelle prosjekt i Hordaland gjennom KUP. Total søknadssum er 21,5 millionar kroner. 20 av prosjekta får støtte på totalt 6,637 millionar kroner. 

Kulturelt utviklingsprogram er verkemiddelet Hordaland fylkeskommune har for større, klart definerte prosjekt og satsingar initiert av kulturlivet sjølv. Pengane skal gå til utvikling og ikkje til drift. Tildelinga av pengar er i samsvar med kulturplanen PREMISS til Hordaland fylkeskommune. 

Til saman kan 500 000 kroner løyvast kvart år til prosjekt innan idrett og friluftsliv, men ingen av søknadene kunne oppfylle krava for slik støtte. 

Slik er pengane fordelt

Søkjar Prosjektnamn Periode Tildeling
Annabel Balean Guaita "Notelangs" Lytteverkstad, kritikersalonger og samtaler. Prosjektledere Maja Skanding og Annabel Guaita  1 år 100 000
Borealis Borealis Radius 3 år 650 000
Festspela i Bergen Digital kurator 3 år 350 000
Hordaland musikkråd Møteplass for det frivillige musikklivet 1 år 90 000
Kulturkraft Hardanger Kulturkraft Hardanger 3 år 400 000
Litteraturhuset i Bergen Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur, LittfestBergen 1 år 300 000
Marie Nerland In Public - kunst i uterom 1 år 200 000
Nattjazz Jazzmetoden - talentutviklingsprogram for barn og unge 1 år 300 000
Norges Musikkoprs Forbund Hordaland Inkluderingspraktikant i korps 3 år 172 000
Osterøy kulturskule Osterøystemmer 1 år 125 000
Performance Art Bergen PAB OS - Open session 3 år 300 000
Proscen - produsentenhet for scenekunst Scenetorget 2 år 200 000
Stiftelsen Bergen Dansesenter Dans i hele Vestland fylke 2 år 130 000
Stiftelsen Museum vest MuseumsLosen - en digital fellesløsning for museum-skole-samarbeidet 2 år 350 000
Stiftelsen  nye Fyllingsdalen teater Røst 1 år 100 000
Stiftelsen Vestnorsk Jazzsenter Stamvegen utvidet 1 år 120 000
Stiftinga for folkemusikk og dans Bygda dansar Hordaland 3 år 450 000
Tusen og 1W 1001 W" Fjell festning Light festival - piloter i regionen 3 år 600 000
Vestlandsutstillingen Søknad om videreutvikling av Vestlandsutstillingen 1 år 300 000
Vestnorsk Filmsenter AS Oppstart av et Filmveksthus 3 år 1 400 000
Sum     6 637 000