6 vil bli fylkesrådmann for det nye vestlandsfylket

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane tilset prosjektleiar/ framtidig fylkesrådmann til det nye fylket i møtet i fellesnemnda 4. mai. Det er 6 søkarar til stillinga.

– Representantar i tilsetjingsutvalet har hatt ein grundig prosess med gode kandidatar så langt, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, som er leiar i fellesnemnda.

Søknadsfristen til stillinga gjekk ut 12. april 2018.

Etter prosessen har føljande valt å stå på den offentlege søkjarlista:

Karen-Marie Eek-Larsen (57), Alversund, ass. fengselsleder
Thorbjørn Johan Gaarder (63), Oslo, chief credit officer
Anne Karin Hamre (53), Sogndal, fylkesmann
Karl Petter Haugen (49), Strusshamn, underdirektør
Rune Haugsdal (58), Eidsvågneset, fylkesrådmann
Tarjei Torvik (25), Bergen, student/arbeidssøker

Stillingstittelen er først prosjektleiar for etableringa av den nye fylkeskommunen fram til 1. januar 2020. Så blir stillinga fylkesrådmann for det nye storfylket på Vestlandet.

Erfaring frå strategisk endringsleiing, rolleforståing og prosjektstyring, samt evne til å kunne jobbe tett med det politiske nivået er viktig kompetanse. Ein ønskjer seg og forståing for dei to fylka sin eigenart.  Prosjektleiaren vil rapportere til den politiske leiinga og ha arbeidsstad i Bergen.

– Den totale interessa for stillinga viser at dette er ei attraktiv og viktig stilling, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.