42 kokkelærlingar tok fagprøve

– Eg er imponert over nivået på lærlingane, seier konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen etter å ha vore «prøvesmakar» under fagprøva til kokkelærlingane 3. juli ved Fitjar vidaregåande skule. 42 kandidatar frå heile Hordaland har dei siste to vekene avlagt fagprøva.

Dette er første gongen Fitjar vidaregåande skule arrangerer avsluttande fagprøve i restaurant- og matfaget for alle kokkelærlingane i fylket. Tidlegare har desse prøvene vore avvikla på Årstad videregående skole i Bergen. 

Inspirerande og hyggeleg 

Rektor Leif Helge Engelsen, ved Fitjar vidaregåande skule, er godt nøgd.

– Eg synest det er inspirerande og hyggeleg at alle fagprøvene no er samla ved skulen. Både kandidatane og sensorane er godt nøgde med opplegget. Eg er glad for at satsinga på restaurant- og matfag ved skulen, viser att, seier Engelsen. 

Ved fagprøvemiddagen tysdag 3. juli fekk ulike representantar frå nærmiljøet på Fitjar vere gjester og «prøvesmakarar» saman med familie til kandidatane og representantar frå Hordaland fylkeskommune.

Lærlingane fekk i oppgåve å lage og servere ein trerettars meny med forrett, hovudrett og dessert. 

Viktig samarbeid 

Konst. fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen takka for maten.

– Alle likar godt mat, og vi treng flinke kokkar. Etter mitt syn burde alle få godkjent karakter, men det er før sensorane har sagt sitt. Fylkeskommunen har viktig samarbeid med dei ulike næringane om satsinga på rekruttering til faget, ikkje minst for å få gode sensorar til fagprøveavviklinga, seier Holm Svendsen. 

Sensorar ved fagprøva 3. juli var Kåre Husebø, kjøkkensjef ved Augustin hotell i Bergen, og Per Håvard Almås, kjøkkensjef ved Ole Bull Scene i Bergen. Alle kandidatane fekk bestått.