36 millionar kroner til betre psykisk helse hos barn og unge

Hordaland fylkeskommune skal bruke 36 millionar kroner over seks år for at barn og unge skal få betre trivsel, livskvalitet og helse. – Dette er eit betydeleg bidrag til eit svært viktig arbeid i fylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Hordaland fylkeskommune er utvald av Helsedirektoratet til å bli med i eit folkehelseprosjekt retta mot barn og unge. Kvart år over seks år får fylkeskommunen seks millionar kroner av staten. Midlane skal fylkeskommunen fordele vidare til kommunane som skal gjennomføre dei enkelte tiltaka etter søknad.

Redusere helseforskjellar

– Å redusere helseforskjellar og syte for at barn og unge har god psykisk helse er viktig både for den enkelte og for samfunnet. Med desse midlane frå Helsedirektoratet set vi kommunane i stand til å gjere eit endå betre arbeid på dette området, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Hordaland er ein av fem fylkeskommunar som får statlege pengar til prosjektet. 11 fylkeskommunar søkte om å bli med.

– Det var ein tøff konkurranse der vi fekk tildelt mildar saman med fire andre fylkeskommunar. No kan vi setje i gang tiltak for å fremje psykisk helse for barn og unge, seier fylkesdirektør Bård Sandal for regional utvikling i Hordaland. 

Satsing til regjeringa

Midlane frå Helsedirektoratet er lyst ut i samband med «Program for folkehelsearbeid i kommunane». Dette er satsinga til Solberg-regjeringa for at barn og unge skal få betre psykisk helse. Hordaland fylkeskommune har hatt hovudansvaret for prosjektsøknaden som ligg til grunn for tildelinga. Prosjektet har tittelen «Saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge». Pengane skal brukast til å støtte tiltak innan psykisk helse, rusførebyggjande arbeid og helsefremjande arbeid i kommunane.

Prosjektet har som overordna mål at barn og unge mellom 0 – 24 år skal oppleve høg trivsel og livskvalitet, samt god psykisk helse gjennom eit inkluderande og helsefremjande samfunn. 

Finne gode prosjekt i kommunane

– No går vi i gang med å finne spennande og gode prosjekt rundt i kommunane som kan få midlar. Tiltaka kjem til å spenne svært vidt. Det som er ei utfordring i ein kommune, treng ikkje vere utfordring i ein anna. Vi skal finne dei beste tiltaka for barn og unge i kvar enkelt kommune, seier Bård Sandal.

Jamt over er helsa blant barn og unge god i Hordaland. Likevel er det forskjellar både på tvers av dei ulike kommunane, i lokalsamfunna i kommunen, og mellom bydelane i Bergen. Undersøkingar viser at mange kommunar opplever store utfordringar innan psykisk helse, men set ikkje i gang tiltak for å løyse desse utfordringane. 

Søknadsfrist 30. mai

Etter påske skal fylkeskommunen utlyse midlar som kommunane kan søkje på. Søknadsfristen for å bli med, er 30. mai. Fylkeskommunen vil i løpet av våren lage møteplassar for kommunar som ønskjer hjelp til å utvikle prosjekta i samarbeid med forsking og kompetansemiljø.

Dei siste åra har kunnskapen om kva faktorar som fremjar og hemmar helsetilstanden i fylket auka både i kommunane og på regionalt nivå. Samstundes er det stort behov for å kople kunnskap til utvikling av gode tiltak i kommunane, særskild for å fremje psykisk helse.

Gjennom prosjektet skal innsatsen for psykisk helse og rusførebygging blir breitt forankra og integrert i kommunane. Målet er også at kommunane skal auke sin kompetanse på helsefremjande arbeidsmetodar og utvikling av tiltak.

Oppretta samarbeidsorgan

Eitt av krava Helsedirektoratet stilte for å sikre godt tverrfagleg samarbeid, var å opprette eit regionalt samarbeidsorgan. Dei 22 medlemane i samarbeidsorganet i Hordaland hadde si første samling i januar og skal møtast to-tre gonger i året. Her sit representantar frå kommunar i alle regionane av fylket, Fylkesmannen i Hordaland, NAV, Nasjonalforeningen for folkehelse, Ungdommens fylkesutval og politikarar frå fylkesutvalet. Samarbeidsorganet har også medlem frå fem ulike forsking og kompetansemiljø i fylket – Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen Hemil-senteret, Folkehelseinstituttet avdeling for  helsefremjande arbeid Bergen, Korus-Vest og RKBU-kompetansesenteret for barn og unge. Desse etablerer eit fagnettverk som skal vere med å styrke utviklinga av tiltak ute i kommunane.

Samarbeidsorganet har vore med å formulere måla og kriteria som skal ligge til grunn for at kommunane skal få midlar til sine prosjekt. Fylkeskommunen skal bruke organet som ein rådgjevande ressurs når dei skal avgjere kven som skal få prosjektmidlar.

Barn og unge skal bli høyrt

Eit viktig omsyn for at eit prosjekt skal få tilskot er at barn og unge skal bli høyrt i utviklinga og planlegginga av dei nye tiltaka. Det er også eit mål at prosjekta involverer fleire aktørar i lokalsamfunnet gjennom tverrfagleg samarbeid. Skular og barnehagar er døme på naturlege arenaer for dei kommunale prosjekta.