1,1 mill kr i støtte til integrering i Meland

Meland kommune går nye vegar og har laga eit nytt introduksjonsprogram for å få flyktningar ut i arbeid eller utdanning. Hordaland fylkeskommune har gitt 1,1 million kroner til tiltaket.

Meland kommune har teke i mot 160 flyktningar sidan 2009, i tillegg til ein del familiegjenforeningar. Introduksjonsprogrammet kommunen har i dag passar bra for mange, men ikkje alle. Derfor har dei utvikla eit nytt introduksjonsprogram for flyktningar, som er tverrfagleg og lokalt forankra. Fylkeskommunen gav i fjor støtte til utvikling og testing av dette. 

Ut i praksis 

I haust skal introduksjonsprogrammet settast ut i praksis. Det går over fire modular over to år. Det blir lagt vekt på arbeidstrening og norskopplæring.

– Vi er positive til prosjektet, og vi vil særleg gje honnør til korleis Meland kommune jobbar tverrsektorielt med denne viktige tematikken. Det er i tillegg flott at dei alt tenkjer nye Alver kommune inn i arbeidet, seier fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland, Bård Sandal.

Betale rekningar 

Modul 1 skal gjennomførast med flyktningane i haust. Det går på grunnleggande kunnskapar som å kunne betale eigne rekningar, ha nettbank og Min Id, datakunnskapar og norskopplæring. Alle deltakarar får eige nettbrett. 

Grunnleggande kunnskapar held fram i modul 2 til våren. Det inkluderer informasjon om psykisk helse, kosthald, ernæring og fysisk aktivitet. Opplæring i norsk og datakunnskapar held fram. 

Bygge nettverk 

Neste haust i modul 3 er tema samfunns- og arbeidslivsorientering, mellom anna om korleis bygge nettverk. Våren 2020 blir programmet avslutta med modul 4 som går på avbeidslivsorientering og avklaring mot jobb. 

Totalt vil gjennomføringa av det nye introduksjonsprogrammet koste om lag 3,5 millionar kroner. Stønaden frå Hordaland fylkeskommune er gjeve frå Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH).