10,9 millioner kroner i kulturell skulesekk i kommunane

Grunnskulelevar i 32 kommunar i Hordaland får kulturell skulesekk for 10,9 millionar kroner skuleåret 2018-2019. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har fordelt pengane.

Ein del av midlane går rett til kommunane, medan resten går til programmet som Hordaland fylkeskommune turnerar i kommunane.

Om lag 6,5 millionar kroner går til tiltak i regi av fylkeskommunen, og kommunane får tildelt om lag 4,4 millionar til eigne program. I tillegg er nærare 4,2 millionar kroner øyremerka til kunst- og kulturtilbod for alle dei vidaregåande skulane i fylket.

Tildelinga på 4,4 millionar kroner til kommunane er slik fordelt:

Kommune Sum
Askøy kr 367 281
Austevoll kr 119 604
Austrheim kr 53 425
Bømlo kr 210 860
Eidfjord kr 31 373
Etne kr 81 802
Fedje kr 29 944
Fitjar kr 69 185
Fjell kr 377 420
Fusa kr 124 740
Granvin kr 32 231
Jondal kr 32 803
Kvam kr 175 225
Kvinnherad kr 307 970
Lindås kr 265 139
Masfjorden kr 58 607
Meland kr 127 362
Modalen kr 28 943
Odda kr 109 001
Os kr 238 737
Osterøy kr 181 459
Radøy kr 98 804
Samnanger kr 61 942
Stord kr 247 420
Sund kr 136 033
Sveio kr 114 992
Tysnes kr 83 984
Ullensvang kr 98 838
Ulvik kr 33 375
Vaksdal kr 91 894
Voss kr 256 037
Øygarden kr 109 084


Bergen kommune får tildeling direkte frå staten til den kulturelle skulesekken.