– Vi vil vinne OL

– Vi vil reise til Thailand og vinne OL, seier dei sju elevane frå Hordaland som er i noregsfinalen til olympiaden i geofag. Over fire dagar skal dei førebu seg på treningsleir i Bergen.

For 12. gong går OL i geofag av stabelen. 16 elevar er med i den norske finalen. Dei siste fire åra har ingen frå Hordaland kvalifisert seg til den norske finalen, men i år er sju elevar frå tre vidaregåande skular i Bergen med. Fem av dei går i same klasse på Amalie Skram videregående skole.

– Vi har god lærar og ein god klasse i geofag, og vi er interesserte i faget, seier Oda Johanne Øvsthus, Victoria Fagerås, Annika Torsvik, Camilla Jørdre Kvamme og Mai Linn Kaas. 

Fire timar geofag i veka 

Med seg i finalen har dei Anna Emken frå Olsvikåsen videregående skole og Asbjørn Tobias Underthun frå Bergen private gymnas. Alle går i vg2 studiespesialisering med fire timar geofag i veka. 

– Faget er interessant og lærerikt. Å få vere med i finalen her gjev oss eit godt forsprang i høve resten av elevane i klassen. Vi får eit fagleg løft og blir kjent med studiet her på Universitetet i Bergen, seier Anna Emken.

Elevane har vore gjennom ein utvelgingsprosess. 800 elevar frå heile landet meldte seg på. Etter første runde gjekk 100 elevar vidare. I andre runde stod det att 16 elevar som er med i den norske finalen ved Institutt for geofag ved Universitetet i Bergen. Fire elevar går vidare til OL i Thailand i august. 

Prosess og logikk 

– Vi har fått greie oppgåver, men vi må tenke oss om. Svara ligg ikkje rett opp i dagen. Vi må tenke prosess. Mykje av faget er logikk, seier dei sju elevane. 

Kikki Kleiven er førsteamanuensis ved institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen og fagleg ansvarleg for OL.

– Det er stor interesse for geofag. Alle land i verda kan vere med. Dette handlar om historia til jorda, om prosessar, avsetningar og endringar. Jorda er dynamisk og i utvikling. Geofag har alle realfag i seg. Det er eit samlingsfag for dei som syntest realfag er gøy, seier Kleiven. 

16 beste til Bergen

Kikki Kleiven har laga oppgåvene som elevane får.

– Første runde gjekk på dei vidaregåande skulane før jul. Lærarane retta oppgåvene. Andre runde gjekk og på skulane med litt vanskelegare oppgåver. Dei 16 beste får kome til Bergen og delta i landsfinalen over fire dagar. Vi kallar det treningsleir. Dei får undervising, førelesingar og skal jobbe i grupper og i felten. Vi skal mellom anna sjå på geologien på Ulven. Området er interessant for her kolliderte Noreg og Grønland for 400 millionar år sidan. 

Elevane skal svare på mange oppgåver og skrive eit essay om seg sjølve.

– Dei er svært flinke og nyfikne. Dei er ambisiøse og scorar over gjennomsnittet. Dei må ha forståing for kva geofag er. Det er ikkje eit solofag, men dei skal jobbe saman i grupper. Dei skal presentere det som dei jobbar med, ta leiing og gjere kvarandre gode.

GeoOLN1000B7936.jpg

– Det er stor interesse for geofag. Alle land i verda kan vere med, seier to av arrangørane, Ann Mari Husås (t.v.), generalsekretær i Norsk Geologisk Forening, og Kikki Kleiven, førsteamanuensis ved institutt for geovitenskap ved UiB og fagleg ansvarleg. 

Godt samarbeid 

Fem realfag har olympiade. Fire av dei er lagt til Oslo, men ikkje geofag.

– Vi er gode på geofag og formidling. Vi er stolte over å ha olympiaden i geofag i Bergen. Dette er eit fag som fengar begge kjønn med 50/50 kjønnsfordeling. I finalen har vi ni jenter og sju gutar. I fjor gjekk to gutar og to jenter til den internasjonale finalen. 

Institutt for geofag brukar konkurransen til å vise seg fram.

– Vi ser på dette som rekruttering til faget. Elevane kjem frå heile landet. Vi viser dei Bergen og universitetet, og fortel kva som må til for å studere hos oss. Vi har og eit godt samarbeid og nettverk med dei vidaregåande skulane i Bergen. 

Til OL-finale i Thailand

Den norske konkurransen er eit samabeid mellom instituttet og Norsk Geologisk Forening, med finansiell støtte frå Norsk Forskingsråd. 

Fire elevar skal delta in den internasjonale finalen i Thailand 7. til 17. august.

– I fjor tok dei norske deltakarne fire individuelle bronsemedaljar og ein gullmedalje i gruppe, seier Kikke Kleiven ved institutt for geofag.

Sølv og bronse til Hordaland

I den norske finalen kvalifiserte to av deltakarane frå Hordaland seg til å delta i den internasjonale OL-finalen i Thailand i august. Der fekk Oda Johanne Øvsthus sølv i gruppekonkurransen og Asbjørn Tobias Underthun bronse i gruppekonkurransen. Deltakarar frå meir enn 30 land var med.

OLGeofagN1000.jpg

Oda Johanne Øvsthus og Asbjørn Tobias Underthun (t.h.) fekk sølv og bronse i den internasjonale Olympiaden i Thailand. Dei to andre deltakarane frå Noreg var Mads Andre Aune (individuell bronse, t.v.) og Erik Ma (individuelt sølv og to gruppegull). (Foto: NGF)