– Vi vil ikkje ha ferdigtygga mat!

– Vi vil tygge vår eigen mat. Vi vil ikkje ha ferdigtygga mat, seier Gunda Falao Sparre, nestleiar i fylkeseldrerådet i Hordaland. Mat og ernæring var hovudtema på eldrerådskonferansen som sa eit klart nei til den oppvarma maten mange eldre får.

60 deltakarar frå eldreråda i kommunane i Hordaland fekk høyre korleis Gloppen kommune lagar og serverer mat til dei eldre. Kjøkkensjef Gunnvor A. Sunde fortalde at dei har eige kjøkken som kvar dag set saman ein meny som dei eldre kan velje mellom. Mange frivillige deltar i utkøyringa av den varme maten rundt i kommunen. 

Kongeparet smakte på 1. premiemat 

«Gylne måltidsøyeblikk» kallar Sunde dette, og på spørsmål om slik matlaging og servering er ei dyr ordning for kommunen, svarte Sunde at institusjonskjøkkenet i Gloppen har det lågaste kostøret av alle institusjonskjøkken i landet. Til og med kongeparet har vore i Gloppen, smakt på maten og var svært godt nøgde. Institusjonskjøkkenet i Gloppen har fått 1. premie for god mat. 

Gunda Falao Sparre likte det ho høyrde frå Gloppen.

– Dette er ikkje ferdigtygga mat. Vi vil ha mat som er sunn, velsmakande, fargerik og delikat. Vi reagerer når kjøkken på Austlandet vinn anbod på mat til eldre på Vestlandet og sender kald mat over fjellet, som må varmast opp før den blir servert. Vi ønskjer at institusjonane får tilbake eigne kjøkken. Det skal vere kvalitet på korleis maten blir laga og måten den blir servert på, seier Falao Sparre.

EldreN1000B3783.jpg

– Eldreråda skal vere ei brysam røyst, seier Jan Fridthjof Bernt, professor og ekspert i offentleg rett. – «Leve heile livet» er ein kvalitetsreform som skal betre forholdet for dei pårørande slik at dei ikkje blir utslitne, seier Birte Markeseth Aasen hos fylkesmannen i Hordaland. 

Dobbelt så mange over 80 i 2040 

«Leve heile livet» er ein kvalitetsreform for eldre som regjeringa står bak. Birte Markeseth Aasen hos fylkesmannen, fortalde om korleis denne reforma skal gjennomførast i åra som kjem.

– Dette er ein folkehelsereform som gjeld for alle over 65 år og deira pårørande. Den skal betre forholdet for dei pårørande slik at dei ikkje blir utslitne. Alle tenester er omfatta av reformen. Kommunane har hovudansvar og skal lage ein plan for gjennomføring i perioden 2020-2023. I 2040 vil vi ha dobbelt så mange som er over 80 år, sa Birte Markeseth Aasen. 

Har ikkje plikt til å høyre på dei 

Professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen, fortalde om endringane i val av eldreråd.

– Eldrelova skal gå ut, og den nye kommunelova skal få vedtekter om eldreråda. Forskriftene om dette er ikkje ferdige, men vi reknar med at den nye lova vil gjelde etter kommune- og fylkestingsvalet neste haust, sa Bernt. 

Den nye lova skal omfatte eldreråd, råd for funksjonshemma og råd for ungdom.

– Dette skal vere rådgjevande råd. Dei skal ha rett til å uttale seg i saker som vedkjem dei. Det er like viktig å vere ei røyst som blir høyrd som å vere med på å avgjere. Dei skal vere ei brysam røyst, og dei kan sjølve avgjere kva saker dei kan ta opp. Råda har rett til å uttale seg, men kommunestyre og fylkesting har ikkje plikt til å høyre på dei, sa professor og ekspert i offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt. 

Mangeårig tradisjon 

Nestleiaren var svært godt nøgd med den årlege konferansen for eldreråda i kommunane i Hordaland. Nesten samtlege eldreråd deltok.

– Dette er ein mangeårig tradisjon som fylkeseldrerådet har. Sogn og Fjordane har same tradisjon, så det skal gå lett å slå saman fylka. Eldreråda i kommunane er flinke til å kome med forslag til aktuelle tema. Vi er svært glade for innspel, seier nestleiar i fylkeseldrerådet, Gunda Falao Sparre.