- Gratulerer med OL-gullet, Håvard!

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun har sendt gratulasjon til Håvard Lorentzen etter at Fana-løparen tok OL-gull på 500 m.

Frå Hordaland fylkeskommune si facebookside sender fylkesordførar Anne Gine Hestetun ei helsing til bergensar og gull-gut Håvard Lorentzen. 

- Imponerande OL-gull, Håvard! Du er ein fantastisk idrettsutøvar frå eit flott og støttande idrettsmiljø i Fana IL. Vi gratulerer og ser fram til 1000 m på fredag, jublar ho.