Ny areal- og transportplan for Bergensområdet

Fylkesutvalet tilrår ny regional areal- og transportplan for Bergensområdet som prioriterer utbygging i vekstsoner i Hordaland.

Denne tilrådinga til fylkestinget er gjort i planen som skal gjelde for perioden 2017 til 2028. Planen prioriterer utbygging i regionale og lokale vekstsoner. I vedtaket seier fylkesutvalet at «sjølv om utbygging skal prioriterast i lokale vekstsoner, utelukkar ikkje det at det og kan leggjast til rette for spreidd busetnad i bygdene».

Tilrådinga er gjort med ni mot seks røyster.

Hordaland fylkeskommune har med heimel i plan- og bygningslova laga forslaget til regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017 til 2018. Fylkesutvalet har ansvar for oppfølging av planen og skal sjå den i samanheng med arbeidet med byvekstavtalen.

Det skal kome ein årleg rapport om handlingsprogrammet i planen, og kvart fjerde år skal det bli rapportert måleindikatorar i samband med regional planstrategi.

Den endelege regionale areal- og transportplanen for Bergensområdet skal vedtakast av fylkestinget 13. og 14. juni.

Regionale vekstsoner.jpg

Kartet viser regionale og lokale vekstsoner med ulike avstandar frå sentrum vist med ulik farge. Lokalsentera er definert i kommuneplanen si arealdel.