Vil gå i fakkeltog for betre fylkesvegar

– Eg går gjerne i fakkeltog for å få betre fylkesvegar, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho opna nyttårsmøtet sitt 3. januar. Manglande vedlikehald av fylkesvegane var eitt av tema ho tok opp.

– Samferdsel blir utfordring framover, sa fylkesordføraren og viste til Nasjonal Transportplan (NTP) der staten lovar å ta igjen på vegvedlikehaldet og bidra til å oppruste og fornye fylkesvegane.

– God mobilitet krev godt vedlikehalde infrastruktur. Vi har eit etterslep på vegvedlikehald på 7,7 milliardar kroner. Det gjer at handlingsrommet vårt berre blir små drypp. Det er 50 prosent større sjanse for ulukke på fylkesvegane enn på riksvegane. Det er uakseptabelt. Her er det viktig  få oppgåvene gjort. Eg går gjerne i fakkeltog for betre fylkesvegar, sa fylkesordføraren.

 Sentrale aktørar

Nyttårsmøtet er eit årleg samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning om viktige utfordringar og felles saker.

– Det er ein møteplass som er blitt ein viktig er tradisjon. I år har vi rekordpåmelding, sa fylkesordføraren som kunne ønske velkommen til store delegasjonar både frå Sogn og Fjordane og Rogaland.

Ny region

– Hordaland fylkeskommune er i endring. Ikkje berre fylkeskommunen, men heile fylket. Regionprosessen har prega året som har gått. Målet er å samle heile Vestlandet. Frå 1. januar 2020 er Hordaland og Sogn og Fjordane eitt. Vi er samla.

Fylkesordføraren peika på at gjelda til fylkeskommunen er høg.

– Fylkesøkonomien er ei utfordring. Det er krevjande med ein gjeldsgrad på 110 prosent. Den var krevjande å overta og blir krevjande framover. Vi må seie nei fordi vi ikkje har pengar. Inntektene framover er i beste fall konstant, mens det som skal utrettast blir større og større. 

Mange verksemder går godt

Hordaland har mange verksemder som går godt, men det er framleis for høg arbeidsløyse

–  Vi har gode døme på verksemder som lukkast. Eg kan nemne kraft, marin, olje og energi og reiseliv. Men arbeidsløysa langs kysten er framleis krevjande. Kunnskapen til innbyggarane våre er juvelen vår. Den må vi foredle. Utfordringa framover blir å dimensjonere utdanninga rett og ha tilgjengelege læreplassar. Vi har godt fundament med NHO og LO i yrkesopplæringsnemnda. Vi må spele kvarandre gode oghandle raskt, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Rett kompetanse

Det aktuelle tema for 2018 er korleis vi kan sikre rett kompetanse for ei ny tid, få nok kapasitet i ein framtidig arbeidsmarknad og korleis vi i fellesskap må ta ansvar for det.

Det var gode innlegg frå mellom anna Knut Arild Hareide, leiar i Kristeleg Folkeparti, Silvija Seres, partnar i TechnoRocks og president i Polyteknisk Forening, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, administrerande direktør i Norsk olje og gass, Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) og dr.Tristram Hooley, professor of Career Education at the University of Derby.