Vil fremje forsking i kommunal sektor

At forsking er viktig for nyskaping i næringslivet, er opplese og vedteke. Så kvifor skulle ikkje det same gjelde for utvikling i offentleg sektor? På fylkeshuset 5. mai får kommunar, fylkeskommunar og forskarar informasjon om støtteordningar som skal fremje forsking i kommunal sektor.

Kommunane leverer ei rekke tenester som er viktige for deg og meg. Dei får stadig nye oppgåver innan helse, klimaomstilling og eldreomsorg – og møter nye krav til digitalisering og effektivisering.

 Likevel er det førebels slik at den nasjonale forskingsinnsatsen knytt til utfordringane i kommunal sektor, ikkje står i stil med den samfunnsrolla kommunane speler, seier regionaldirektør Bård Sandal i Hordaland fylkeskommune.

Han meiner at det er behov for meir forsking der kommunane ikkje berre er forskingstema, men der dei er aktive både som premissleverandørar for og deltakarar i forskingsprosjekta.

 Vi treng rett og slett meir forsking som spring ut frå det kommunal sektor sjølv meiner det er viktig å ta fatt på. Då kan ein lettare drive fram ny kunnskap som er relevant for kommunane og som kan brukast i praksis i det daglege utviklings- og forbetringsarbeidet.

Info om støtteordningar

Betydinga av forskingsbasert kunnskap for utvikling i det offentlege, får stadig sterkare politisk gjennomslag. Fornying i offentleg sektor er då også eit av dei prioriterte måla i regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Det er etter kvart etablert fleire støtteordningar for forsking som kan bidra til innovasjon i kommunal sektor. Fredag 5. mai held derfor Hordaland fylkeskommune informasjonsmøte om dei viktigaste ordningane.

Møtet finn stad på fylkeshuset og er i første rekke retta mot kommunar, fylkeskommunar og forskarar.

Nytt kommuneprogram i Forskingsrådet

Det vert mellom anna informert om Forskingsrådet sitt program «FORKOMMUNE», som vart oppretta i år. Programmet skal gi kommunesektoren moglegheit til sjølv å utvikle nødvendig kunnskap for å takle framtidige utfordringar og for å løyse viktige samfunnsoppgåver betre og meir effektivt.

I tillegg er det ei målsetting å sørge for betre koplingar mellom kommunesektor, forskingsmiljø og andre kunnskapsaktørar.

I første omgang er det lyst ut forprosjektmidlar utan noka form for tematisk avgrensing. Kommunar og fylkeskommunar vel sjølve tema og kan søkje om inntil 300 000 kroner i forprosjektmidlar. Fristen er 24. mai, men allereie i februar 2018 kjem den første utlysinga for større innovasjonsprosjekt.

Regional starthjelp til forsking

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) lyser også ut forskingsmidlar som er øyremerkte for kommunal sektor. Kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland kan søkje om inntil 500 000 kroner i kvalifiseringsstøtte.

 Første steg på vegen mot relevante forskingsresultat er å utvikle forskingsspørsmål som er eigna til å svare på det ein faktisk er ute etter. Dette kan vere krevjande nok for mange mindre aktørar og for kommunar med avgrensa erfaring med forsking. Vi har derfor laupande utlysing av kvalifiseringsstøtte for kommunal sektor, seier Randi Lotsberg, seniorrådgivar i fylkeskommunen, sekretariatet for RFF Vestlandet.

 Målsettinga er å gje fleire aktørar moglegheit til å utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte, anten frå fondet eller frå andre ordningar, fortel Lotsberg.

Til liks med FORKOMMUNE, vil også RFF Vestlandet ha ei utlysing av midlar til meir omfattande forskingsprosjekt i kommunal sektor i februar 2018.

Kommunale erfaringar

Til fylkeshuset kjem også representantar for Bergen kommune og KS – kommunane sin interesse-, arbeidsgivar- og medlemsorganisasjon – for å svare på spørsmålet «Kvifor er forsking viktig for å gjere ein betre jobb i kommunane?»

 På møtet vert det også informert om ulike arbeidsverkstader som vi arrangerer. På desse kan ein mellom anna få trening i søknadsskriving og hjelp til å omdanne praktiske problemstillingar til reelle forskingsprosjekt, seier Lotsberg. Det blir også gitt informasjon om moglegheitene for forskarar til å ta doktorgrad i offentleg sektor – og så kan kommunane heilt sikkert få nyttige tips om korleis ein knyter kontakt med relevante forskingsmiljø.