«Vi lagar den beste kaffien på Vestlandet»

– Vi legg vekt på kvalitet. Dette er den beste kaffien på Vestlandet, seier Julian Andres Bisioli. Han har starta eige bedrift på Voss og importerer og brenn kaffi frå heimlandet Colombia. Han har fått hjelp til å kome i gang av etablerarsenteret til Hordaland fylkeskommune.

– Kaffibønnene vår får ein fyldigare smak enn ordinær kaffi. Bønnene våre veks i 1600 til 2200 meter høgde over havet og er økologisk dyrka, seier Bisioli. Saman med kona starta han enkeltpersonføretaket Merand Kaffe Import AS på Voss i 2015. 

Lange tradisjonar 

Familien hans har lange tradisjoner med å dyrke og brenne kaffi.

­– Bestefar min starta kaffiplantasje heime i Colombia i 1956. Eg importerer kaffibønnene derfrå og brenner og sel min eigen kaffi her på Vestlandet. I tillegg har vi honning og kakao. Alt er økologisk dyrka i Colombia. 

Julian Andres Bisioli har budd sju år på Voss og samarbeider med kaffiekspert Jan Ove Thorbjørnsen for å få den beste kaffien ut av bønnene.

– Førebels har vi ikkje så stor marknad. Vi leverer kaffi til fleire hotell i fylket, mellom anna Fleischers hotell på Voss. Den er enno ikkje i vanleg sal i butikkane, men vi jobbar med det, seier Julian Andres Bisioli i Merand Kaffe Import AS.

EtablererN1000B4879.jpg

Julian Andres Bisioli leverer gourmet-kaffi av økologiske kaffibønner dyrka i 1600 til 2200 meter over havet i Colombia. 

Hjelp med å starte eiga bedrift 

Julian Andres Bisioli er ein av mange fleirkulturelle som har fått hjelp frå etablerarsenteret til Hordaland fylkeskommune med å kome i gang. 

– Det er ikkje alltid lett for fleirkulturelle å få jobb. Vi hjelper difor til med at dei kan etablere eige bedrift, seier prosjektleiar June Kristiansen ved etablerarsenteret i Hordaland fylkeskommune. 

Dei to siste år har etablerarsenteret kursa 60 deltakarar frå heile Hordaland med internasjonal bakgrunn. Business Factory er eit kurs spesielt tilrettelagt for denne målgruppa. 

– Det kan vere vanskeleg å få jobb om du ikkje heiter Ola Nordmann. Vi har mange døme på at innvandrarar med unorsk namn, blir ståande utanfor arbeidslivet. For desse er einaste tilbodet å starte eige bedrift. 

Mange er alt i gang

Kristiansen fortel at mange av desse er alt i gang.

– Vi har mange gode døme på deltakarar som har lukkast med å starte eige bedrift. Mange av dei har enkeltpersonføretak. Vi skal halde fram med etablerarkursa og vil no følgje opp med ei fadderordning, seier June Kristiansen ved etablerersenteret ved næringsseksjonen i regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. 

Etablerarkurset for gründerar med internasjonal bakgrunn, Business Factory, er støtta av integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).