Vi har ein plan!

Lurar du på korleis fylkeskommunen arbeider med samfunnsutvikling? Den regionale planstrategien er fylkespolitikarane sitt plandokument og ein overordna plan for utviklinga av hordalandssamfunnet.

– Regional planstrategi kallast ofte for «planenes plan». Her har vi som politikarar vedtatt dei viktigaste strategiske områda for neste fireårsperiode, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

Regional planstrategi for 2016 – 2020 gjeld for fireårsperioden til det sittande fylkestinget. Her set fylkespolitikarane ut ein kurs og ein strategisk retning for utviklinga av Hordaland.

Berekraftig, attraktiv og nyskapande

Planen peiker ut dei viktigaste utfordringane i fylket, set langsiktige mål for utviklinga og legg grunnlaget for prioriteringa av det regionale planarbeidet. Både fylkeskommunen, statlege organ og kommunar skal leggje den regionale planen til grunn i sitt planarbeid.

Dei langsiktige måla for planstrategien er at Hordaland skal vere berekraftig, attraktiv og nyskapande. Fire hovudmål seier at Hordaland skal ha høg sysselsetting, eit inkluderande samfunn, ei miljøvenleg utvikling og samarbeid i ein sterk vestlandsregion.

– Hordaland er på mange måtar eit Norge i miniatyr. Vi har dei same utfordringane her som i resten av landet. Vi har opplevd krise i oljenæringa og rekordhøg arbeidsledigheit, eit våtare og villare klima, ei meir globalisert verd og behov for modernisering og effektivisering. Derfor er eg sikker på at hovudmåla i stor grad treff dei utfordringane vi møter i Hordaland i tida som kjem, seier Kårbø.

Inkluderande lokalmiljø

Fylket ønskjer mellom anna å satse næringsutvikling som gir arbeidsplassar, samt legge til rette for at hordalendingar aktive i lokalmiljøa. For å skape eit inkluderande samfunn er det viktig å sikre at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring og at utdanninga kvalifiserer for å få jobb. Dette inneber å sikre eit godt utdanningsløp, heilt frå barnehagealder. Fylket vil også arbeide målretta for å kutte klimagassutsleppa og å satse på kollektivtransport.

Planstrategien inneheld forslag til ei rekkje enkeltplanar som bygger opp under hovudmåla. Måla blir også lagt til grunn i oppfølginga av dei eksisterande regionale planane og vidare planlegging i kommunane.

34 høyringssvar

Før regional planstrategi blei vedtatt var den ute på offentleg høyring. Både kommunar, statlege organisasjonar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar kunne sende inn sine synspunkt. Fylkeskommunen mottok til saman 34 høyringssvar. Det blei også arrangert innspelsmøte på forskjellege stader i Hordaland der representantar for fleire ulike organisasjonar tok del.

Staten følger opp

Den regionale planstrategien for 2016-2020 blei godkjent av Kommunal og moderniseringsdepartementet i februar. Dette inneber at strategien følger opp dei nasjonale forventningane til regional planlegging. I godkjenninga ber departementet dei statlege regionale etatane i Hordaland om å bidra aktivt til å følgje opp dei regionale planprosessane.