Unikt funn frå vikingtida

– Dette er eit unikt funn. Sjølv om det gjennom tidene er gjort ein del funn av båtdelar i myr i Noreg, så er det likevel sjeldne saker, seier arkeolog Lars Øyvind Birkenes i Hordaland fylkeskommune om to båtstamnar frå vikingtida som er funne i Kvinnherad.

Torsdag 2. november kom dei to båtstamnane til fylkeshuset i Bergen.

– Vi trur at dei er frå vikingtida eller tidleg middelalder, frå perioden år 800 til 1150. Då Gokstadskipet vart greve ut, fann arkeologane tre mindre båtar. Stamnane på den minste av desse er liknar svært stamnane frå Kvinnherad, seier Birkenes. 

Båtstamnane er av eik og vart funne av Johannes Ask i ei myr på garden på Hatlestrand for 32 år sidan.

– Han drenerte myra med gravemaskin og grov opp dei to stamnane frå ei djupne på ein meter. Så la han dei på løa, der dei har lege til no. Vi er glade for at han ikkje brukte dei til ved, seier Birkenes. 

VikingN1000B4980.jpg

– Forstamnen er 1,32 meter høg og kan ha vore til ein båt som er opp til sju meter lang, seier arkitekt Roald Landøy. 

Emne til båt 

Johannes Ask er no pensjonert og nevøen  Terje Ask har overteke. Han  er interessert i arkeologi og lurde på kva trebitane var for noko.

Birkenes trur dei var emne til å byggje båt. Arkitekt Roald Landøy i Hordaland fylkeskommune seier at det var vanleg å leggje eik i vatn over tid for at spenningane i treet skulle gå ut. 

Landøy meiner at båten som desse stamnane skulle bli ein del av, kan ha vore så lang som opp til sju meter. Forstamnen er 1,32 meter høg, men bakstamnen er 1,37 meter høg.

VikingN1000B5015.jpg

Dei to båtstamnane er 1,37 cm og 1,32 cm høge. 

På storleik med Gokstadskipet 

Birkenes seier at det tidlegare er funne delar av båtar frå denne tida, men at det er ikkje er  mange etter forholda. Mellom anna er det funne stamnen til ein båt som truleg var på storleik med Gokstadskipet, 23-24 meter lang, på Hatlestrand for lenge sidan.

VikingN1000B5020.jpg

Dei to båtstamnane vart funne i ein myr på garden Ask i Hatlestrand i Kvinnherad.