Unik dokumentasjon av lokal krafthistorie

Valen sjukehus var det første sjukehuset i Norden som fekk elektrisk straum. I 1910 vart både sjukehuset og eige kraftverk tekne i bruk. I Noreg var det berre slottet i Oslo, av offentlege bygningar, som var tidlegare ute.

I dag vart eit dokumentasjonsprosjekt om Valen kraftverk lagt fram. Den inneheld oversyn over anlegga og forslag til restaurering. Kraftverket og sjukehuset vart bygt av Søndre Bergenhus Amt, som er Hordaland fylkeskommune i dag. I 2002 gjekk sjukehuset over til staten, men fylkeskommunen eig framleis kraftverket.

I prosjektet er lokal, regional og nasjonal historie dokumentert. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i Tyssedal har utført arbeidet etter oppdrag frå fylkeskommunen. Gjennom arkivarbeid, foto, film, registrering av gjenstandar, bygg og anlegg og andre kulturminne, samt intervju med personar som har jobba i kraftanlegget, er historia tatt vare på for ettertida.

ValenTurbinN1000.jpg

Turbinane frå 1910 står inntakt i det gamle kraftverket. Dei gjekk ut av bruk i 1955, og vart erstatta av ein nye kraftstasjon. 

Tre kraftstasjonar inntakte 

Det unike med Valen kraftverk er at alle tre kraftstasjonane er inntakte. Den første vart teke i bruk i 1910, den andre i 1939. Den siste er frå 2008, og er den einaste som er i bruk i dag. 

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har og utarbeidd forslag til korleis historia kan formidlast, både via nettsida www.vasskrafta.no/valen, og på andre måtar. 

I prosjektet har tilstanden til kraftstasjon 1 (1910) og kraftstasjon 2 (1939) blitt grundig dokumentert og vurdert. Konklusjonen er at stasjon 1, både eksteriør- og interiørmessig, bør tilbakeførast mest mogleg autentisk til driftsperioden, som vart endeleg avslutta på 1950-talet. Stasjon 2 har alt hatt ein del ombygging.

ValedalsdammenN1000.jpg

Vatn frå Valedalsdammen har sidan 1910 gitt kraft til Valen sjukehus. 

Besøkssenter 

Av rapporten går det fram at Valen har eit glimrande utgangspunkt for formidling gjennom tre kraftstasjonar frå ulike tidsperiodar på rad. Dette gjer det enkelt å formidle energihistoria konkret. Ein restaurert stasjon 1 vil kunne bli eit unikt senter for presentasjon og formidling av krafthistoria.

Eit besøkssenter i stasjon 1 kan supplerast med eit større formidlingssenter i stasjon 2, som alt i noko grad har blitt tilrettelagt for mellom anna skuleformidling. Dette vil bli ein svært spennande læringsarena for barn, unge og vaksne som kjem til Valen. I kva grad den nye, moderne stasjon 3 vil vere tilgjengeleg, må kraftselskapet vurdere. Plasseringa gjer det uansett til ein del av opplevinga og formidlinga.

Smakebitar

Onsdag 8. november vart smakebitar frå den unike historia presentert på Valen sjukehus av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum ved direktør Knut Markhus, prosjektleiar Terje Kollbotn og prosjektmedarbeidar og nettansvarleg Dag Endre Opedal.