Tilpassar tilbod til minoritetsspråklege

Klassane som fylkeskommunen har for minoritetsspråklege elevar skal kunna søkjast på også for komande skuleår. Men naudsynte justeringar må til for å sikra at tilbodet er i tråd med opplæringslova.

Fylkesutvalet vedtok dette samrøystes i samband med saka om justering av klassetilbodet ved dei vidaregåande skulane frå hausten 2018.

Hordaland fylkeskommune har hatt stor suksess med slike klassar. Elevane trivst, og læringsutbytet er godt. I dag har tre skular i fylket slike klassar. Bergen katedralskole har tilbod på Vg1 til Vg3 for elevar på studiespesialisering, mens Fyllingsdalen vgs har to parallellklassar på helse- og oppvekstfag og Åsane videregående skole har ein klasse på helse- og oppvekstfag.

I sommar la revisjonsfirmaet Deloitte fram ein rapport der dei konkluderte med at det er ulovleg å ha eigne klassar på Vg1 til Vg3 for minoritetsspråklege. Fylkesutvalet viser til kontrollutvalet sitt oppfylgingsarbeid av forvaltningsrevisjon av opplæringstilbodet til minoritetsspråklege elevar. Det er naudsynt med ein full gjennomgang av Hordaland fylkeskommune sitt tilbod til denne gruppa. Fylkesrådmannen vert beden om å leggje fram ei sak om dette.

Fylkesutvalet seier i vedtaket sitt at det snarast mogeleg må settast i gang eit arbeid med å gjennomgå ordninga for språkkartlegging og inntak til dei aktuelle utdanningstilboda. Fylkesrådmannen vert beden om å leggje fram ei sak om korleis dette skal gjennomførast. Her må fylkesrådmannen, i lag med kontrollutvalet, vurdere å framskunde delar av oppfylgingsarbeidet.

Andre sakar frå fylkesutvalet 7. desember

Opprettheld tekstilklasse

Vg2-klassen i design og tekstil ved Årstad videregående skole vert vidareført. Eit samrøystes fylkesutval vedtok dette. Fylkesutvalet ber administrasjonen om å kome attende med sak om moglegheit for å få til ei landslinje. I denne prosessen vil utvalet at nabofylka vert inviterte med.

Ny klasse på Bømlo

Ved Rubbestadneset vidaregåande skule vedtok fylkesutvalet at det framleis skal vera to Vg2-klassane i maritime fag, samstundes som det vert oppretta ein ny klasse Vg2 industriteknologi.

Laksevågklassar overførte

Klassane i studiespesialiserande og media og kommunikasjon ved Laksevåg vgs, i alt 11 klassar, vert flytta til andre skular i samsvar med vedtak i skulebruksplanen. Innan studiespesialiserande vert det oppretta tre Vg2 og tre Vg3 klassar ved Bergen katedralskole. I media og kommunikasjon vert det oppretta ein ny Vg3-klasse ved kvar av skulane Amalie Skram vgs, Arna vgs og Nordahl Grieg vgs.

Frå formgjeving til kunst og design

For formgjevingsfaga vert det omlegging til ny struktur og namneendring til kunst, design og arkitektur (KDA). Tre Vg3-klassar i formgjeving, ved Fusa vgs, Knarvik vgs og Olsvikåsen vgs vert lagde ned. Samstundes vert det oppretta fire nye klassar i Vg3 kunst, design og arkitektur fordelt på desse skulane: Voss gymnas, Fusa vgs, Olsvikåsen vgs og Årstad vgs.

Austrheim vgs og Knarvik vgs

Ved Austrheim vgs vert ein klasse Vg2 kokk- og servitørfag lagt ned, men samstundes får skulen oppretta ein klasse Vg1 restaurant og matfag. Austrheim vgs får også ein ny klasse Vg3 automatisering innan elektrofag. Automatiseringsfaget er eit såkalla «avviksfag», dvs. at ein er elev i skule både i Vg2 og Vg3 før ein inngår lærekontrakt. Skulen har i noverande skuleår full klasse på Vg2 automatisering, og det er difor naudsynt å gje tilbod om Vg3 skuleåret 2018/2019.

Ein ny klasse Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Knarvik vgs, slik fylkesrådmannen føreslo, vert ikkje oppretta. Ein klasse Vg3 formgjevingsfag ved Knarvik vgs vert lagt ned.

Samrøystes

Heile saka om justering av klassetilbodet for skuleåret 2018-19 vart samrøystes vedteken i fylkesutvalet 7. desember.