Sykkel-VM kan få store, positive effektar

– Arrangementet her er heilt fantastisk. Folk viser ein enorm begeistring. Eg ser ikkje mange sure fjes, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Han håpar Sykkel-VM kan få store positive effektar framover.

Den fungerande fylkesordføraren ser alt store effektar av eit så stort arrangement i Bergen og Hordaland.

– Dette kan ha svært mykje å seie for turisttrafikken til Vestlandet. Eg håpar vi kan få ein heilt annan turismeeffekt enn før. 

Kårbø ser og at Sykkel-VM kan gje ein helseeffekt for oss som bur her.

– Eg håpar arrangementet skal få folk til å trimme, gå tur og vere meir aktive enn før. Eg håpar vi kan få ein varig helseeffekt.

Nytt reisemønster

Den tredje positive effekten Kårbø ser av Sykkel-VM, er endra reisevanemønster.

– Vi er blitt utfordra til å finne nye reiseruter til jobb. Mange let bilen stå og reiser kollektivt syklar eller går. Eg håpar dette kan bli eit varig fenomen. Vi må ta ut effekten av dette i ettertid.

SykkelVMN1000B3736.jpg

– Du kan godt bytte ut eit møte med trim, seier Lars Peder Bovim i Idrettscampus Bergen til fungerande fylkesordførar Pål Kårbø på sykkelen. T.h: Bjørnar Vevatne Øverland, den beste norske temporyttaren. 

Hordaland fylkeskommune er medarrangør av Sykkel-VM.

– Opningshelga deltok fylkesutvalet i det som skjedde, og eg fekk dele ut blomar til vinnarane. Eg vil gje all ære til dei som har fått arrangementet i hamn, men vi er berre halvvegs gjennom Sykkel-VM, understrekar Kårbø.

SykkelVMN1000B3793.jpg

Tore Andersen ved idrettsseksjonen i Hordaland fylkeskommune og mangeårig leiar i Djerv orienterer om den nyopna Nygårdsparken då fylkesutvalet gjekk på synfaring som ein del av aktivitetane under Sykkel-VM.

Testa formen 

Då den fungerande fylkesordføraren var innom standen til Idrettscampus Bergen, vart han utfordra til å teste formen.

– Eg hadde ein ide om å sykle hit, men det gjekk ikkje. I kvardagen syklar eg svært lite. Eg har for mange møte, seier Kårbø som skåra 7,3 på formkurven. Det er den elektriske energien han gav frå seg på ein trimsykkel.

– Dette er ein tredel av det Edvald Boasson Hagen presterer, men det er eit bra resultat for hans alder. Her er det ikkje mykje krisestemning, men han skulle gjerne bytt ut eit møte for dagen med trim, seier Lars Peder Bovim i Idrettscampus Bergen.

Store energieffektar

– Ja, det er heilt greit. Eg skulle gjerne bytt ut eit møte med trim, svarar Pål Kårbø som synest satsinga på Idrettscampus Bergen er viktig både for fysisk aktivitet, folkehelse, breidde- og toppidrett.

– Det er politisk vilje til å satse på Idrettscampus Bergen. Anne Gine Hestetun har stått i bresjen. Dette er ei politisk sak som har vist resultat. Styrke i samspel er ein god tittel. Vi får store synergieffektar av dette, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

SykkelVMN1000B3813.jpg

På toppen av Nygårdsparken kunne fylkesutvalet følgje med på deltakarane i Sykkel-VM på veg opp til Fløyen. Fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme stilte med flagg.