Stolt over Idrettscampus Bergen

– Eg er stolt over at vi har fått til dette på så kort tid, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han signerte avtalen om Idrettscampus Bergen. – Dette er ein historisk dag, sa byråd Pål Hafstad Thorsen. Hordaland fylkeskommune gjev to millionar kroner og Bergen kommune 1,5 millionar kroner til etableringa i år.

Åtte samarbeidspartnarar underteikna i dag samarbeidsavtalen om Idrettscampus Bergen. Hovudmålet er å styrke idrett, fysisk aktivitet og folkehelse gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og kompetanseformidling.

– Dette er ein kjempesterk sak for Hordaland fylkeskommune. Det er viktig å satse på idrett, fysisk aktivitet og folkehelse. Men det er først når vi legg pengar i dette at vi kjem i gang, og det blir betre når vi alle jobbar i lag. Idrettscampus har vakse fort fram og er eit døme på at ikkje alt tek lang tid, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

CampusN1000B5115.jpg

Idrettscampus Bergen blir etablert i år med 3,5 millionar kroner til å byggje ein driftsorganisasjon. Styringsgruppa er samansett av fylkesvaraordfører Pål Kårbø (f.v.), Pia Mørk Andreassen i Olympiatoppen, Gunn Berit Lunde Aarvik i Hordaland idrettskrets, Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen, Eivind Lunde i Brann, Bjørg Kristin Selvik ved Høgskulen på Vestlandet, byråd Pål Hafstad Thorsen og Torhild Næss Vedeler i Helse Bergen.

Unikt samarbeid

Byråd Pål Hafstad Thorsen meiner det er på tide med idrettscampus.
– Vi legg lista så pass høgt at vi får eit unikt samarbeid som er eineståande i Noreg. Idrettscampus skal vere motoren for å utvikle breiddeidrett og toppidrett og leggje til rette for fysisk aktivitet og folkehelse. Energien til fylkesordførar Anne Gine Hestetun gjennomsyrer oss. Vi skal bidra med kompetanse, ressursar og anlegg. Det er ganske omfattande verdiar som blir tilgjengelege i idrettscampus Bergen, seier byråd Pål Hafstad Thorsen. 

Åtte samarbeidsparnarar

Samstundes med at samarbeidsavtalen vart underskriven, er stillinga som dagleg leiar lyst ut. Dei åtte samarbeidspartnarane er Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Høgskolen på Vestlandet, Haukeland universitetssjukehus, Hordaland idrettskrets, Olympiatoppen Vest og Sportsklubben Brann. Idrettscampus Bergen skal etablerast i området rundt Nymark.

CampusN1000B5073.jpg

– Vi etablerer eit energisenter der barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive når dei har utfordringar med helsa. Målet er at barn og unge skal trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre, seier Torhild Næss Vedeler i Helse Bergen, som er ein av åtte partnarar i Idrettscampus Bergen. 

Energisenter

Eit tiltak som alt er i gang under Idrettscampus Bergen er energisenter for barn og unge på Haukeland universitetssjukehus. Dette er ein knutepunktarena der barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive når dei har utfordringar med helsa.
– Dette er eit samarbeid mellom tre aktørar: Kommune, nærmiljø og sjukehus. Målet er at barn og unge skal trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre, seier Torhild Næss Vedeler i Helse Bergen.

CampsN1000B5075.jpg

– Eg drøymer om å byggje løpebane på Brann Stadion, seier Vibeke Johannesen, dagleg leiar i Sportsklubben Brann, som og er samarbeidspartnar i Idrettscampus Bergen.

Løpebane på Brann Stadion

Eit tiltak Sportsklubben Brann planlegg er å byggje løpebane på Stadion.
– Eg drøymer om løpebane. Vi har areal, men ikkje pengar, så vi treng bidrag. Eg trur løpebane kan gjere Brann og regionen betre, seier Vibeke Johannesen, dagleg leiar i Sportsklubben Brann.