Hordaland fylkeskommune forvaltar kulturminnevern
Les meir– Prosjektet er svært spennande. Kommunen skal bruke mykje pengar sjølv. Vi bidreg med ein mindre sum, seier Beate Husa.
10 000 år attende
Totalt vil det koste 5,7 millionar kroner å etablere steinalderstien med busetnad 10 000 år attende i tid. Her har menneske nytta landskapet heilt sidan isbreen drog seg attende frå kysten og opp til vår eiga tid. Stien blir ein rundløype på fire kilometer. Det blir eit utsiktspunkt på toppen som høver godt til å formidle den lange historia på staden. Langs stien ligg det mange kulturminne.
Universell
Formidlinga av steinaldermiljøet ved Fosnstraumen kan bli eit fyrtårnprosjekt i Hordaland. Målet er at arkeologiske funn skal bli formidla på ein god måte for alle aldersgrupper. Utsiktspunktet og stien lang eine sida av straumen skal bli universelt utforma. Den går som ein rundløype på begge sider av Fosnstraumen som er rik på fisk og er i bruk både for sportsfiskarar og til rekreasjon.
Pilotprosjekt til UNESCO
Steinalderstien har stor nasjonal verdi og er prioritert av Riksantikvaren. Nordhordland er valt ut som pilotprosjekt i Noreg til UNESCOs biosfæreprogram.