Skal balansere bruk og vern av Hardangervidda

Planen for langsiktig arealforvalting av Hardangervidda skal no rullerast. Planprogrammet er ute på offentleg høyring. Planen skal balansere bruk og vern. Den er viktig for framtida til villreinen, men den skal og leggje til rette for næringsutvikling og turistliv.

Hardangervidda blir forvalta gjennom eit samarbeid mellom Hordaland, Buskerud og Telemark fylkeskommunar. Regional plan for Hardangervidda vart vedteken i dei tre fylkeskommunane i 2011. No skal planen rullerast. Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å sende utkastet til planprogram ut på høyring. Liknande vedtak er gjort i dei andre fylkeskommunane.

Gode levevilkår

Målet med planen er å gje villreinen gode levevilkår, syte for at lokalsamfunna kan drive nærings- og bygdeutvikling og at området er lagt til rette for friluftsliv og naturbasert næringsliv.

Hardangervidda er det største høgfjellsplatået i Nord-Europa. Området gjev viktig grunnlag for næringsliv og busetnad. Hardangervidda har ein rik flora og rikt dyreliv, med mellom anna den største villreinflokken i Noreg.

Internasjonal plikt

I 2007 tok miljøverndepartementet initiativ til regionale planar for dei mest viktige villreinområda i landet. Fylkeskommunane fekk i oppgåve å utarbeide planar for heilskapleg forvalting. Noreg er det einaste landet i Europa som har villrein i fjellområde og har internasjonalt plikta seg til å ta vare på arten.

Frist for innspel

Hovudtrekka i den regionale planen som vart vedteken i 2011, blir stort sett vidareført i rulleringa. Alle kan kome med innspel til planprogrammet på www.regionalplan-hardangervidda.no. Frist for innspel er søndag 15. oktober. Det endelege planprogrammet vil truleg bli vedteke i dei tre fylkeskommunane før jul. Då startar arbeidet med rullering av den regionale planen som skal gjelde for perioden 2019 – 2035.

Les høyringsforslaget til regionalt planprogram for Hardangervidda (pdf)