Siste veksling for nyutdanna tømrarar

– Det å få veksle mellom bedrift og skule gjer at eg har vore motivert og ikkje gått lei. Dette har vore gode år, seier den nyutdanna tømraren Robert Emil Våge.

Måndag var det avslutningsmarkering for det første kullet tømrarar som er utdanna gjennom vekslingsmodellen i Hordaland fylkeskommune. I denne prøveordninga vekslar ungdommane mellom skule og opplæring i bedrift gjennom heile det fireårige opplæringsløpet. Det er Slåtthaug videregående skole som tilbyr modellen i tømrarfaget.

Tett oppfølging

Allereie det første semesteret hadde ungdommane to praksisperiodar i bedrift, og etter berre seks månader teikna dei lærekontrakt.

– Vi har fått god oppfølging av alle rundt oss og føler at vi har blitt satsa på, seier austevollingen Robert Emil som har fått tilbod om jobb i lærebedrifta si - Austevoll bygg.

– Å forandre miljø mellom skule og bedrift i opplæringa har vore positivt, legg Ole Petter Milde til. Han har vore lærling hos Byggmester Markhus og ser fram til å jobbe som fagarbeidar.

vekslingmodellen_tomrarlarlingar2.jpg

Robert Emil Våge og Ole Petter Milde synes kombinasjonen mellom intensive skuleperiodar og opplæring i bedrift har vore god.

Suksess grunna godt samarbeid

Målet med ordninga som starta i 2013 er å utdanne gode fagfolk ved å spisse opplæringa mot sveinebrevet heilt frå starten.

– Dette har vore ein suksess. Dei fleste ungdommane har no tatt sveineprøva og bestått med svært gode resultat, seier Torbjørn Mjelstad, fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune. Han framhevar det gode samarbeidet mellom Slåtthaug videregående skole, bedriftene, Byggmestrenes servicekontor og fagopplæringskontoret som avgjerande for å få dette til.

Fellesnemnaren for ungdommane i vekslingsmodellen er at dei er motiverte og veit kva dei vil bli. For å få begynne i ein vekslingsmodellklasse må ungdommane gjennom ein opptaksprøve med intervju og praktisk prøve. Alle som søkjer bygg- og anleggsteknikk i fylket får invitasjon til å søkje på ordninga.

Forutan tømrarfaget er det i Hordaland også vekslingsmodellklassar innan frisørfaget på Årstad videregående skole og Helse- og oppvekstfaget på Olsvikåsen videregående skole.