Seks millionar til flaumdata og smittereduksjon i oppdrettsnæringa

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir industribedrifta Steen-Hansen AS på Nesttun og Bergen kommune tre millionar kroner kvar i forskingsmidlar. Styret seier prosjekta har potensial til å gi positive bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen.

Industribedrifta Steen-Hansen AS i Bergen får inntil tre millionar kroner til å forske på nye metodar og produkt som kan redusere risikoen for sjukdomsutbrot hjå oppdrettsfisk som skuldast smitte frå organismar som festar seg på nøtene i oppdrettsanlegga.

Ved oppdrettsanlegg fører høg førekomst av næringssalt ofte til groing av blant anna algar, spøkelseskreps og filtrerande organismar som blåskjel, nesledyr og sjøpung. Dette har ikkje berre negativ innverknad på vasskvalitet og -gjennomstrøyming i nøtene, men kan utgjere betydeleg smitterisiko for oppdrettsfisken. Tidlegare undersøkingar viser mellom anna at groeorganismar kan fungere som eit reservoar for amøbar som kan framkalle amøbegjellesjukdom – ein sjukdom som har vore ei stor utfordring for oppdrettsnæringa på Vestlandet dei siste åra.

Sikre berekraftig produksjon
I prosjektet skal ein mellom anna kartlegge smittestoffar i groeorganismar på utvalde oppdrettsanlegg og dokumentere smitterisiko og smittevegar frå groeorganisme til fisk. Det er også eit viktig mål å utvikle nye produkt for nótimpregnering som er meir miljøvennlege enn dei vi har i dag og som er særleg retta mot groetypar som utgjer spesifikk smitterisiko for oppdrettslaks på Vestlandet.

- Skal vi sikre berekraftig produksjon av oppdrettsfisk på Vestlandet, må vi blir betre til å førebygge sjukdom i oppdrettsanlegga. Derfor er det viktig at vi får både meir kunnskap om smittevegar og smittereservoar og betre metodar for å hindre at kjente risikoar fører til utbrot, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Steen-Hansen AS har Universitetet i Bergen, UNI Research AS og Stiftelsen Industrilaboratoriet med som partnarar i forskingsprosjektet.

Betre flaumsikring med historiske flaumdata
Bergen kommune får inntil tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målet er å gi kommunalforvaltinga eit sikrare grunnlag for å treffe gode tiltak for flaumsikring i landsdelen i framtida.

Forskarane i prosjektet skal mellom anna hente opp sedimentprøvar frå tre innsjøar knytte til flaumutsette vassdrag på Vestlandet. Med dette materialet skal ein lage eit «flaumarkiv» over store flaumar i landsdelen dei siste 2000 åra. Slike historiske data kan bidra til ei ny og betre forståing av risikoen i typiske flaumsoner og samtidig legge eit godt grunnlag for å utvikle meir presise modellar som kan føreseie hyppigheita og omfanget av storflaumar i framtida.

- Dei fleste vestlendingar har kjent på kroppen at vi bur i ein svært flaumutsett landsdel, og truleg kan vi berre vente oss meir ekstremvêr framover. Forsking som kan legge grunnlaget for betre flaumsikring og tryggare arealplanlegging i regionen, kan spare samfunnet for store summar, seier Tengesdal.

Universitetet i Bergen, Norges vassdrags- og energidirektorat og UNI Research AS er med som partnarar i forskingsprosjektet.

Nye utlysingar
Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) vedtok i går å løyve totalt 20,1 millionar kroner til forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Tildelinga omfattar 15,9 millionar i støtte til gjennomføring av seks større forskingsprosjekt og kvalifiseringsstøtte på 4,2 millionar til vidareutvikling av ni spennande prosjekt som er i startfasen.

I denne tildelingsrunden har fondet lyst ut midlar til regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor og til regionale bedriftsprosjekt retta mot eit av følgjande to tema: 1) Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar; 2) Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi. Sidan 2010 har fondet støtta vestnorsk forsking med over 250 millionar kroner. Fondet vil ha fleire utlysingar av forskingsmidlar i år.