Satsar på lærlingar

– Eg likar å vere lærling her, seier Vegard Waagbø, lærling i reiseliv ved Amalie Skram videregående skole. Han er ein av 44 lærlingar i Hordaland fylkeskommune. Neste år er målet 50 lærlingar.

Målet til Vegard Waagbø er å ta fagbrev som reiselivsmedarbeidar. Læretida er to år.

– Eg kosar meg på Amalie Skram vgs. Før gjekk eg to år her på service og samferdsel vg1 og vg2. Det var ikkje vanskeleg å få læreplass. Vi var to søkjarar, og eg fekk plassen. Vi er totalt fem lærlingar ved skulen som samarbeidar. Eg er den første i faget mitt her, så alt er ikkje spikra. Men eg skal og vere på Skyss og på flyplassen før eg er ferdig med læretida, seier Vegard Waagbø.

Utruleg godt fagmiljø 

Svein Erik Røskeland har ansvaret for lærlingane i Hordaland fylkeskommune.

– No har vi 44 lærlingar og har budsjettert med auke til 50 neste år. Ei kvar sunn bedrift bør satse på lærlingar. Vi har eit utruleg godt fagmiljø i Hordaland fylkeskommune som ungdommane kan nytte seg av. Vi tar samfunnsansvar, og vi har mangfald, seier Røskeland.

LerlingN1000B6064.jpg

Hordaland fylkeskommune har no 44 lærlingar. Neste år er det budsjettert med auke til 50.

Svært gode røynsler

Røynslene fylkeskommunen har med lærlingane er svært gode.

– Eg er utruleg nøgd. Sjølv om vi har eit stort tal lærlingar, har vi ingen utfordringar personalmessig. Det er ein utruleg flott ungdomsgjeng. Dei bidreg positivt inn i organisasjonen både fagleg og med å få ned gjennomsnittsalderen. Dei får opplæring på ulike stader i fylkeskommunen og er fleksible. Alle har individuell læreplan i alle fag. Det er eit levande dokument som blir revidert heile tida, seier Svein Erik Røskeland, som er lærlingkoordinator i Hordaland fylkeskommune.

LerlingN1000B6077.jpg

– Vi har utruleg flotte lærlingar. Det er ingen utfordringar personalmessig, seier lærlingkoordinator Svein Erik Røskeland, her med fylkeshovudverneombod Jorunn Bakke Johannessen, HMS-rådgjevar Egil Alvær og konstituert leiar av bedriftshelsetenesta i Hordaland fylkeskommune (BHT), Bjørn-Atle Mikkelsen. 

Kurs utan fysiske papir

I haust har læringane vore gjennom grunnkurs i helse, miljø og tryggleik (HMS) over tre dagar.

– Dette er første gongen vi samlar alle lærlingane til felles grunnkurs. Tidlegare har dei gått på ordinære grunnkurs. Dette er og første gongen vi køyrer kurset utan fysiske papir. Det vil vi teste på dei unge. Grunnkurset kan dei legge inn i CV-en, seier Bjørn-Atle Mikkelsen, konstituert leiar av bedriftshelsetenesta i Hordaland fylkeskommune (BHT).

Lærlingane i Hordaland fylkeskommune er fordelt over mange av einingane, men flest er på dei vidaregåande skulane. I desse faga har fylkeskommunen lærlingar: IKT, kontor og administrasjon, byggdrift (vaktmeister), reiseliv, hestefag, barne- og ungdomsarbeidar, kokk og reinhaldsfaget.