Satsar på kommuneforsking

Det skal bli meir kunnskapsbasert innovasjon og utvikling i kommunesektoren. To sentrale aktørar er Regionalt forskingsfond Vestlandet og det nye programmet FORKOMMUNE i regi av Forskingsrådet. Den 20. juni er det prosjektverkstad med hjelp til dei som ønskjer å søkje midlar.

– Kommunal deltaking i forsking er av relativt ny dato. I mange kommunar er det ikkje kultur for å ta i bruk forsking som utviklingsverktøy. Dei har kanskje heller ikkje hatt det nødvendige systemet eller nettverket eller ressursane til å gå aktivt inn i forsking. Vi håpar at nye støtteordningar kan bidra til å endre dette, seier seniorrådgjevar Randi Lotsberg frå Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet).

Endeleg på plass

Forsking i kommunal har lenge vore blant hovudprioriteringane til Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) - eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Lotsberg synest det er positivt at også Forskingsrådet sitt nye program for forsking og innovasjon i kommunesektoren – FORKOMMUNE – endeleg er på plass.

FORKOMMUNE er eit nasjonalt program som dekker alle kommunale ansvarsområde. I 2017 lyser FORKOMMUNE ut forprosjektmidlar med fristar i mai og september. Ein kan få inntil 300 000 kroner i støtte, og det er ikkje krav om eigendel frå kommunal side. Hordaland fylkeskommune har det som del av sin forskingsstrategi å synleggjere slike ordningar for forsking i kommunal sektor.

Biogass av fiskeavfall

RFF Vestlandet har dei siste åra løyvd rundt 70 millionar kroner til kommunale innovasjonsprosjekt i dei tre vestlandsfylka innan tema som kommunane sjølve prioriterer. Eit av prosjekta som fekk støtte i 2016 var Vann- og avløpsetaten i Bergen kommune som fekk inntil tre millionar kroner til å forske på korleis ein kan lage biogass av fiskeavfall. 

– I tillegg har ei rekkje kommunar fått kvalifiseringsstøtte til å utvikle forskingsprosjekt og prosjektsøknader, seier Lotsberg. RFF Vestlandet har laupande utlysing av kvalifiseringsstøtte også i 2017, for å utvikle større forskingsprosjekt. Ein kan få inntil 500 000 kroner i støtte, og kravet om eigendel er på 50 prosent. Her er det visse krav til forskingsaktivitetar i prosjektet.

Oppmoda til samarbeid

På eit informasjonsmøte om støtteordningane på fylkeshuset tidlegare i mai oppmoda Astrid Toft, leiar for KS-Hordaland, forskarane til å inngå samarbeid med kommunane.

– Gå ut og finn gode venar i kommunane, som de kan forske saman med om tema som er viktige for innovasjon og utvikling i kommunal sektor.


For meir informasjon om støtteordningane sjå:

Regionalt forskingsfond Vestlandet

FORKOMMUNE - forskingsrådet