Samde om plan for samanslåing

– Det er viktig for oss at vi har fått ansvaret for kollektiv lagt til Bergen. Då er vi tett på brukarane, som i stor grad er i bergensområdet. Vi meiner også at det er eit viktig grep at det strategiske ansvar for opplæring og kultur for bergensområdet er lokalisert til Bergen, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø etter at ein ny intensjonsplan om samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane ligg på bordet. No er det opp til dei to fylkestinga å godkjenne planen.

Etter to dagar med grundige og krevjande forhandlingar, signerte fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland intensjonsplanen i ettermiddag.

– Vi har hatt som utgangspunkt at Vestlandet skal organiserast slik at regionen samla kjem sterkare ut i eit godt samspel mellom distrikta og byområda. Det meiner vi at vi har lukkast med. Vi har kome fram til ein balansert intensjonsplan, som tek i vare begge fylka. Vi har anerkjent kvarandre og skilnadane mellom oss og laga ei organisering utifrå dette, seier Følling og Kårbø.


Forhandlingsutvala for dei to fylka har vore samla på Bjørnefjorden Gjestetun i Os. Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal handsame planen 2. februar og fylkestinget i Hordaland dagen etter.

Samde om nynorsk og namn

Bergen vert administrasjonssenter for den nye regionen. Administrasjonssjefen/rådmannen og den politiske leiinga kjem til å sitje her. Det store temaet i høyringsrunden i fjor haust – nynorsk – er også avklara. Den nye regionen får nynorsk som administrasjonsspråk og statleg tenestespråk.
Forhandlingsutvala er samde om at namnet på den nye regionen, som får om lag 630 000 innbyggjarar, vert Vestlandet.

Politisk organisering

Den politiske organisering av den nye regionen inneber eit regionting og eit regionutval, som erstattar dagens fylkesting og fylkesutval. Grunnstrukturen inkluderer også fire hovudutval – for næring, opplæring og idrett, samferdsle og kultur.

Møte i alle dei politiske organa vil i utgangspunktet bli haldne i Bergen, men alle skal også ha årlege møte i dagens Sogn og Fjordane. Hovudutvala og regionutvalet skal vere fleksible og ha møte andre stadar i regionen for å ivareta lokalkunnskap og for å halde oppe kontakten med lokalsamfunna.

Administrativ organisering

På den administrative sida vert samferdsle- og næringssektoren delt i to. Den administrative leiinga for vegsektoren og kultursektoren skal liggje i Sogn og Fjordane, medan Hordaland får det administrative ansvaret for opplæring og idrett og kollektivtransport. Næringssektoren vert delt i to, med to likestilte sektorleiarar med ansvar for kvart sitt av dagens fylke.

Oppgåver innan alle fagområde skal framleis kunne utførast i begge dagens fylke. Slik kan tilsette halde fram å jobbe innan ulike sektorar, sjølv om den administrative leiinga er lokalisert ein annan stad.

Vilkår for samanslåing

Forhandlingsutvala set fleire krav til staten for å slå seg saman. Eit viktig vilkår er at den nye regionen får tilført nye statlege samfunnsoppgåver, samt at ein får behalde det fylkeskommunane har i dag.
Ein anna føresetnad for samanslåing er at det faktisk vert ei regionreform, altså at tal folkevalde regionar vert om lag ti.

Dei to forhandlingsutvala legg også til grunn at fylkesmannsembetet skal leiast frå Sogn og Fjordane, med desentralisert forvaltning i begge dagens fylke. Dei legg også til grunn at det nye regionkontoret til NAV vert lagt til Bergen.

Eige Sogn og Fjordane-fond

Intensjonsplanen opnar for at Sogn og Fjordane kan ha eit eige investerings- og disposisjonsfond. Dersom fylkeskommunen vel å gjere dette, kan heile utbytet frå Fjord1-salet og det fylkeskommunen måtte ha av aksjeverdiar i SFE/SF Holding plasserast i dette fondet. Det samla fondsbeløpet kan ikkje overstige 1,5 milliardar kroner.

Fondet skal nyttast til særskilde investerings- og utviklingsprosjekt i Sogn og Fjordane og skal styrast av eit fondsstyre, med fleirtal av representantar frå Sogn og Fjordane.

Ny region frå 2020

Regjeringa vil i 2017 leggje fram proposisjonar om nye oppgåver og regional struktur. Eventuelle nye regionar vert ein realitet frå 1. januar 2020. Tida fram til då vert ein overgangsperiode, der fylkeskommunane skal førebu eventuelle fylkessamanslåingar.

Arbeidet med innføring av den nye regionen skal leiast av ei fellesnemnd, som vert samansett av dagens fylkesutval i Sogn og Fjordane og Hordaland – til saman 24 medlemmar. Hordaland får leiaren i fellesnemnda, Sogn og Fjordane nestleiaren.

Les heile intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.