Regional kystsoneplan vedteken

Fylkestinget i Hordaland har vedteke regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger. Planarbeidet har vore eit pilotprosjekt i regional kystsoneplanlegging.

Regional kystsoneplan for Sunnhordaland og Ytre Hardanger er eit viktig kunnskapsgrunnlag for forvaltning av kystsona for lokale og regionale mynde. Planområdet omfattar sjøareal og strandsone i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio, og Tysnes, samt sjøareal i Vindafjord kommune i Rogaland.

Plankart eit pilotarbeid

Fleirtalet med Arbeidarpartiet, MDG, SV, KrF og Raudt peikar på at arbeidet med plankart er eit pilotarbeid, og vedtok at planen skal rullerast etter to år og at kommunane i planområdet skal trekkjast inn i arbeidet.

Fylkestinget ønskjer at det skal takast omsyn til at kystgardar skal ha ei bærekraftig utvikling, herunder ha høve til å drive næring innanfor planområda. Dette skal skje i samsvar med dei lokale landbrukskontora.

Kvalitetssikring

Alle kart som ligg ved i planen skal kvalitetssikrast slik at dei er oppdaterte. Detaljert arealplanlegging ligg til kommunane sitt ansvarsområde, og er juridisk bindande. Plankartet i den regionale planen er retningsgjevande og skal leggjast til grunn for kommunal planlegging, men det er ikkje juridisk bindande.