Pc-utstyr til gjenbruk i Afrika og Sør-Amerika

Utrangert pc-utstyr frå Hordaland fylkeskommune blir gjenbrukt i Afrika og Sør-Amerika. Fylkesutvalet har vedteke å tildele utstyret til fem organisasjonar og stiftingar.

Dei fem organisasjonane er:  

  • Bergen Afro Arts Festival; computer learning centre i Mbare/Zimbabwe – 5 stk    
  • Maisha mema; barneheim/utdanningsprosjekt i Nairobi/Kenya – 5 stk    
  • Tore Eikeland legat; barneskule i Akoka village/Ghana – 15 stk    
  • Svalene; vidaregåande skule/yrkesskule for jenter i Lima/Peru – 5 stk    
  • Children at Risk Foundation; opplæringsprogram for barn og unge ved kolibrisenteret i Sao Paulo/Brasil – 5 stk

Kan søkje

Fylkesutvalet vedtok tidlegare i år å etablere ei ordning der organisasjonar og stiftingar kan søke om å få tildelt utrangert PC-utstyr frå fylkeskommunen.

Arbeiderpartiets representant Kari Bernadini i fylkesutvalet fremja forslaget, og er i dag glad for vedtaket som er gjort.

Stolt og glad

– Eg er stolt og glad over at vi har funne ein måte å gjenbruke pc'ar som fylkeskommunen ikkje lenger har bruk for, og særleg at dette blir ei årleg ordning. No kan dei brukast til å gi opplæring og deltaking i det digitale samfunnet for barn og unge i andre delar av verda. Utstyr som for oss er utdatert, kan ha stor verdi blant anna for skular i utviklingsland. Dette er ein gledens dag, seier Kari Bernadini.

17 søknader

Ordninga vart annonsert på fylkeskommunen sine nettsider og på facebook med søknadsfrist 1. april. Det kom inn 17 søknader. Søknadane spenner over eit breitt spekter av ulike hjelpetiltak i Europa, Midt-Austen, Afrika, Asia og Sør-Amerika, både i regi av einskildpersonar og etablerte hjelpeorganisasjonar. Det var mange verdige kandidatar.

Ordninga er årleg, og det vil bli annonsert på nytt i 2018.