Nominer ein kandidat til Miljøprisen

Fylkeskommunen deler årleg ut ein miljøpris på 50.000 kr. Du kan nominere kandidatar fram til 4. januar.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk.

Prisen famnar breitt. Har du ein idé om kven som fortener denne utmerkinga? Send inn og grunngje forslaget ditt.

- Prisen er heilt open. Det har alltid vore breidde i type saker som har fått prisen tidlegare, og vi ønskjer alle type nominasjonar, men de nominerte må ha gjort noko for å forbetre miljøet i Hordaland, seier Tale Halsør, rådgjevar på klima- og naturressursseksjonen i Hordaland fylkeskommune.  

Plastkvalengasjement ga pris i fjor

I fjor var det Kennteh Bruvik som fekk prisen på bakgrunn av sitt arbeid med å få i gang strandrydding og rette søkelyset på marin forsøpling etter at ein etter kvart verdsberømt kval med buken full av plast stranda på Sotra.

Juryen består av 

  • Jon Askeland, leiar MISA (utval for miljø og samferdsel)
  • Marthe Hammer, nestleiar i MISA
  • Geir Angeltveit frå Venstre

Vinnaren blir offentleggjort på fylkestinget i mars.