Næringslivet på veg over kneika

– Det ser ut til at næringslivet i Hordaland er på veg over kneika etter oljeprisfallet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Hordaland fylkeskommune legg i dag fram ny utgåve av Hordaland i tal om næring, innovasjon og kompetanse. Rapporten viser at det er fleire positive trekk i næringsutviklinga i fylket.

I rapporten er det vist til ein arbeidsløyse (heilt ledige og arbeidssøkande på tiltak) i september 2017 på 3,6 prosent. Det er framleis eit stykke att før vi er nede att på nivået som stabiliserte seg etter finanskrisa på mellom 2,5 og 3 prosent.

– Vi har no lagt to år med omstilling bak oss, og fått reduksjon i arbeidsløysa. Men alt er ikkje rosenraudt enno. Det er difor påkravd med framleis innsats for å auke næringsaktiviteten og sysselsettinga i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Rapporten viser fleire positive trekk for næringsutviklinga i fylket:

  • Kroneverdien av eksport for årets ni første månader har aldri vore høgare
  • Det har aldri vore fleire verksemder i fylket enn i år
  • Det var bedriftsvekst innan dei aller fleste næringar siste år
  • Etableringsraten er tettare på landssnittet enn den har vore på åtte år
  • Utdanningsnivået har aldri vore høgare
  • Vekst i forskings- og utviklingsarbeid
  • Auke i talet avlagde fagprøver
  • Arbeidsløysa er på veg ned, spesielt i indre- og sørlege deler av fylket og innan industri- og bygg- og anleggsyrker, sal- og serviceyrker og ingeniør- og ikt-fag.

Rapporten viser til følgjande mindre positive trekk:

  • Det blir færre arbeidsplassar (og yrkesaktive) i fylket
  • Konkursraten ligg framleis i landstoppen
  • Færre nyetablerte føretak overlever sine første år
  • Næringsstrukturen blir meir prega av offentleg tenesteproduksjon
  • Det har vore nokså kraftig nedgang i tal avlagde phd-gradar, spesielt innan samfunnsvitskap og matematisk-naturvitskaplege fag
  • Næringslivet brukar framleis mindre på forsking og utvikling enn andre samanliknbare fylke
  • Det er mindre positiv arbeidsløyseutvikling og framleis relativt høg arbeidsløyse vestlege og nordlege delar av fylket.

Kompetanse 

Fylkesordføraren peikar på at auka kompetanse er ei av dei største utfordringane for Hordaland.
– Gjennom Regional plan for kompetanse og arbeidskraft ønskjer fylkeskommunen å ta ei koordinerande rolle. Vi skal få eit meir målretta og systematisk samarbeid mellom aktørane for å sikre arbeidslivet rett kompetanse framover, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.
Regional plan for kompetanse og arbeidskraft vart vedteken i fylkestinget 3. oktober. 

KJELDE:

Hordaland i tal nr. 2-2017 er lagt fram av seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse i regionalavdelinga til Hordaland fylkeskommune. Seksjonen legg fram ein annan analyse som blir publisert denne månaden. Der går det fram at det tek inntil to år å justere produksjonen av skip og oljeplattformer etter ei større endring i oljeprisen. Desse to åra er no over, og reduksjonen i arbeidsløysa som har skjedd i løpet av sommaren, var venta.