Millionstøtte til forskningsprosjekt i Hordaland

Kva er drivkreftene i utviklinga på Vestlandet og korleis kan lakselus reduserast gjennom fôrtilsetting? Korleis kommunisere om «usynlege farar» og korleis få betre nye metodar for undersøking av grunnforhold? Om ei stund får vi nok svara frå desse forskningsprosjekta.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har nemleg løyvd 36,6 millionar kroner til forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Tildelinga omfattar 26,7 millionar til ti større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor og kvalifiseringsstøtte på 4,9 millionar til vidareutvikling av elleve prosjekt som er i startblokkane.

Første tildeling til regionalt forskarprosjekt

RFF Vestlandet har for første gong lyst ut midlar til omfattande forskarprosjekt som skal bidra til ei betre forståing av drivkreftene i utviklinga av landsdelen. Eit forskarprosjekt leia av Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet er tildelt fem millionar kroner for mellom anna å kartlegge næringsstruktur og arbeidsstyrke på Vestlandet og sjå korleis etablerte verksemder tilpassar seg endringar.

– Dette er eit ambisiøst prosjekt der ein mellom anna tek sikte på publisering av ti vitskaplege artiklar. Vi har også god tru på at forskarane skal bidra med ny innsikt som vil gjere det lettare å utvikle treffsikre politiske omstillingstiltak som er tilpassa akkurat vår region, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Bak prosjektet står eit konsortium med Mohnsenteret i Bergen og IRIS/Universitetet i Stavanger – leiande norske fagmiljø innan studiar av innovasjon og regional utvikling – i spissen.

Fôrtilsetting mot lakselus

Blant dei som får støtte er fiskefôrprodusenten Aller Aqua Norway, som forskar på om bruk av tilsettingsstoff i fiskefôr kan gjere fisken mindre sårbar for lakselus. Selskapet får tre millionar kroner til å teste, dokumentere og forklare kva effektar tilsettingane har med omsyn til luspåslag hos både aure og laks.

– Dersom ein lukkast med å redusere luseproblemet monaleg ved hjelp av fôrtilsettingar i staden for kjemikaliar, kan det vere eit viktig skritt i retning av ei meir berekraftig oppdrettsnæring. Medikamentfri behandling som styrker fisken sitt eige immunforsvar, vil truleg også bidra til betre fiskevelferd, seier Tengesdal.

Aller Aqua Norway AS skal gjennomføre forskinga i samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima, Stiftelsen Industrilaboratoriet og Norsk Sjømatsenter AS.

Kommunikasjon om usynlege farar

Radongass, stråling frå høgspentleidningar og legionellaførekomstar reknast som usynlege farar. Forsking om korleis kommunar kommuniserer til innbyggarane sine kring desse farane er tildelt to millionar i støtte.

Tidlegare forsking viser at det er særlege utfordringar knytte til kommunikasjon om farar innbyggjarane ikkje kan sjå. Det som skal vere risikokommunikasjon får fort preg av krisekommunikasjon, noko som er ressurskrevjande kan gi inntrykk av at farane er meir overhengande enn dei faktisk er.
Forskingsprosjektet som er leia av Fjell kommune skal mellom anna samle og analysere dei erfaringane som utvalde vestnorske kommunar har gjort seg på området. Hovudmålet forskinga er å utvikle gode strategiar og rutinar til bruk for kommunane.

- Å nå fram med sakleg informasjon samtidig som ein vil unngå å skape unødig uro, er ein vanskeleg balansegang. Dei fleste kommunar har planar for krisekommunikasjon, men manglar gode verktøy for risikokommunikasjon. Det håpar vi at dette forskingsprosjektet kan bidra med, seier Tengesdal.

Fjell kommune skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med fleire andre kommunar i regionen (Stavanger, Øygarden og Lindås), IRIS AS, Universitetet i Stavanger, Statens strålevern og svenske Miljömedisin MM Konsult AB.

Seismikk frå olje til bygg og anlegg

Uavklarte grunnforhold er ei stor utfordring for bygg- og anleggsbransjen. Dagens metodar for grunnundersøkingar er kostbare, tidkrevjande og ikkje alltid heilt pålitelege, noko som utgjer ein betydeleg økonomisk risiko. No får bergensbedrifta Geocore AS ein million kroner til å utforske bruken av høgfrekvent seismikk i grunnundersøkingar. Målet er å gje bransjen eit effektivt verktøy for rask avklaring av grunnforhold og å redusere risikoen for feilprosjektering. Geocore vil vidareutvikle metodar som er kjende frå olje- og gassnæringa, der ein brukar seismikk til å avdekke grunnforholda fleire kilometer under havbotn.

– Bygg- og anleggsbransjen har stort behov for meir kostnadseffektive måtar å skaffe pålitelege data om grunnforhold på. Dette er også eit spennande prosjekt fordi det så tydeleg viser potensialet for kunnskapsoverføring frå oljebransjen til andre næringar. Her vil ein bygge ny industri basert på kunnskap der Vestlandet allereie ligg langt framme, seier Tengesdal.

Geocore AS skal gjennomføre forskingsprosjektet i samarbeid med Origo Arkitektgruppe AS.

– Vi har valt å ha berre ei utlysing av hovudprosjektmidlar i år, og da er det gledeleg å sjå at responsen har vore så god. 51 søknader frå bedrifter og kommunar er meir enn i noka tidligare utlysing, og mange søknader hadde svært god kvalitet, seier Tengesdal.