Lågaste vekst i folketalet på 13 år

Folketalet i Hordaland auka med berre 0,7 prosent siste år. Låg nettoinnvandring bidreg til at fylket har den svakaste veksten sidan 2004. Pendlarkommunane Os og Meland står for den høgaste veksten.

Bergen har den høgaste veksten av kommunane i Hordaland i absolutte tal, men må sjå seg slått av fleire kommunar når veksten i folketalet blir rekna i prosent.

Vekst i 28 av 33 kommunar

Ved årsskiftet var folketalet i Hordaland 519 963, ein auke på 3 466 innbyggjarar frå fjoråret. Veksten i heile fylket i 2016 var 0,7 prosent, som er den lågaste relative veksten sidan 2004. Regionen Bjørnefjorden, som inkluderer Os, har den høgaste relative veksten i fylket med 1,8 prosent, mens Hardanger vaks minst av alle med 0,2 prosent. Kommunane med sterkast prosentvis vekst i 2016 er Meland, Os, Fedje, Samnanger og Tysnes. Dei har ein vekst som er to gonger høgare enn det nasjonale snittet. Dei fem kommunane som hadde nedgang i folketalet i 2016 var Ullensvang, Kvam, Eidfjord, Kvinnherad og Vaksdal.

Bergen kan bli Noregs tredje største by

Med ei auke på beskjedne 1 165 (0,4 prosent) nye bergensarar førre året har fylkeshovudstaden den lågaste absolutte veksten sidan 1998 og den lågaste relative veksten sidan 1990. Held denne utviklinga fram kan Trondheim rett og slett bli Noregs nest største by i 2062.
Nokre av forklaringa kan vere at nettoinnvandringa til fylket er den lågaste på over ti år. 1 284 personar var overskotet i 2016 mot 2 119 i 2006. Til samanlikning var nettoinnvandringa på 4 776 personar i toppåret 2011.

Størst vekst venta i pendlarkommunar

Folketalsprognosane for Hordaland viser at det vil vere 625 000 innbyggjarar i fylket i 2040. Meland, Askøy, Øygarden, Fjell og Sund har venta ei årleg vekst i folketalet på 1 prosent fram mot 2040. Dette er alle kommunar som ligg i pendlaravstand til Bergen. Samla sett vil dei 14 kommunane som utgjer bu- og arbeidsmarknadsregionen Bergen stå for nesten fire prosentpoeng høgare del av innbyggjartalet i fylket enn i dag (frå 79,8 prosent i 2017 til 83,5 prosent i 2040).

Det er analysegruppa i Hordaland fylkeskommune som presenterer desse tala i statistikkpublikasjonen Hordaland i tal. Tema er utviklinga innan folketal og demografi og publikasjonen er eit verktøy for kommuneplanleggjarar, politikarar og innbyggjarane i Hordaland generelt.

Veksten i Os held fram

Kathrin Jakobsen, leiar seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse i Hordaland fylkeskommune, fortel om folketalsauke i Os og tenesta som seksjonen tilbyr kommunane.