Desse fekk 6,5 millionar kronar til kultur og idrett

Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) vedtok onsdag  ei samla løyving på 6 500 000 kroner fordelt til 20 søkjarar gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP) for 2017. No Fringe Festival Bergen stikk av med den største potten.

Scenefolk, som står bak festivalen No Fringe, er blitt innvilga 900 000 kronar av pengane. Dei ønskjer å etablere ein årleg festival, og første arrangement fant stad 11. - 14. september. Pengane som er innvilga er for tre år. 

Dei profesjonelle løftar amatørene

No Fringe er ein nasjonal og internasjonal scenekunstfestival, som blandar alle sjangre og
som tek bort skillelinjar mellom profesjonell og amatør. 

I søknaden skriv dei: 
"Vi har aktørar frå det frivillige scenekunstfeltet som viktig målgruppe, mens profesjonelle
aktører bidreg med scenekunstforestillinger og kunnskapsutveksling, opplæring gjennom
workshops, seminarar, debattmøte og opne samtalar. Med andre ord: Dei profesjonelle er med og løfter amatørene."

500 000 til turlaget

Bergen og Hordaland Turlag fekk 500 000 til prosjektet "Kystfriluftliv og kulturminner". Dette er for ein to-års periode.

Dei ønskjer å auke tilbodet og styrke samarbeid om friluftslivsaktivitet og formidling av
kulturminner for barn og unge mellom Bergen og omegn friluftsråd og Bergen og Hordaland Turlag. Målet er mellom anna å produsere fleire Basecamp Hav i samarbeid med lokale turlag og andre frivillige organisasjonar innan friluftsliv og kulturminneformidling.

Bakgrunn: Kulturelt Utviklingsprogram (KUP) 2017

Det er tildeling ein gong i året. Ved søknadsfrist 1. juni var det i år kome inn 40 søknadar. Utval for kultur, idrett og regional utvikling vedtok i møte 25. oktober 2017 ei samla løyving på 6 500 000 kroner fordelt til 20 søkjarar.