Kultur skal ha stor plass i Vestlandsregionen

– Kunst, kultur og idrett skal ha stor plass i den nye regionen, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho opna den 42. kultur- og idrettskonferansen i Hordaland. Mangfald, deltaking og fellesskap stod på programmet.

– Det er kjekt å sjå at så mange deltek på ein viktig konferanse som er ein av berebjelkane i det samfunnet vi lever i. Konferansen bind oss betre saman gjennom relasjonsbygging og gode opplevingar. Den er eit strålande døme på å setje inkludering på dagsorden. 

Fylkesordføraren sa at 27. oktober var ein merkedag.

– Samla på Gulatinget vedtok vi samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane til ein region. Det var ein fantastisk dag med gode møte, gode vedtak og gode kulturopplevingar. Kunst, kultur og idrett skal ha ein sentral plass i den nye Vestlandsregionen. Vi får eit eige utval for kultur og skal styrke det regionalpolitiske ansvaret og engasjementet for kulturlivet. 

Ambisiøse mål 

Hestetun viste til den regionale planen for kultur 2015 til 2025.

– Vi har ambisiøse mål om at innbyggarane skal ha like høve utan omsyn til etnisk og sosial bakgrunn, kjønn, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Det stiller store krav og utfordringar til oss alle. Kunst, kultur og idrett er grunnleggande for eit rikt livsinnhald, for å stimulere utviklinga av fellesskap og demokrati og som eit vilkår for ei god samfunnsutvikling. Vi skal ha ein politikk som legg til rette for dette og vere open, lydhør og fremje deltaking og mangfald. 

Fleirkulturell innflytting 

Framover blir Vestlandet prega av store demografiske endringar.

– Folketalet i Hordaland veks, og Bergensregionen veks mest. Folk flyttar frå bygdene til by. Byane veks. Vi blir urbaniserte. Gruppa av eldre blir større og vil ikkje sitje i ro og finne seg i alt. Vi får meir fleirkulturell innflytting. Mangfald, deltaking og fellesskap må vere sentrale verdiar. Eg er heilt sikker på at breie diskusjonar og usemje bring oss framover. 

Fylkesordføraren meiner det er viktig å fremje demokrati og deltaking i samfunnet.

– Det er ei utfordring å fremje inkludering for alle i fylket. Det er eit mål at ein større del av dei som bur i Hordaland, skal delta i kulturlivet. Alle skal få eit godt tilbod utan omsyn til kvar dei bur, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

KulturN1000B5848.jpg

– Ingenting er betre enn ein heil dag med kultur, sa Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland. 

Skal løfte mangfald 

Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, var møteleiar.

– Denne dagen har eg gleda meg til. Ingenting er betre enn ein heil dag med kultur. Vi er 166 deltakarar på konferansen, frå kommunane, kultur- og idrettslivet og frå fylkeskommunen og skal løfte fram mangfald, likeverd og likestilling, sa Husa.

KulturN1000B5858.jpg

– Vi skal planlegge Bergen til å bli den aktive byen utan omsyn til kjønn, alder og bakgrunn, sa byråd Julie Andersland. 

Aktiv og attraktiv 

Byråd Julie Andersland drøfta kor viktig helse er.

– Er det mogeleg å ha god helse om du ikkje har noko kjekt å halde på med, noko du brenn for, ved sidan av å spele fotball, delta i ei teatergruppe eller noko heilt anna. Alt dette heng saman med god helse. Vi treng eit spennande kultur- og idrettsliv. Hovudmålet for Bergen framover er å vere aktiv og attraktiv. Det handlar om fellesskap. Vi skal ha rike liv. Den aktive byen skal stimulere til bruk av kultur, idrettsparkar og idrettsanlegg. Vi skal planlegge Bergen til å bli den aktive byen utan omsyn til kjønn, alder og bakgrunn, sa Andersland.

Frå krig, vald og død til Sverige 

Mustafa Can kjem frå kurdisk område i Tyrkia, men kom som liten til Sverige, saman med familien. Han er journalist, kulturarbeidar og forfattar. Mest kjent for boka om mora «Tett inntil dagene» Ho lengta alltid attende, men som først kom dit då ho vart gravlagd.

– Vi kom til Sverige i 1976, frå fattige forhold, frå krig, vald og død til ei vesterlandsk framtid. Eg lærte om svensk musikk og kultur. Vi song Taube og Bellmann og såg Ingmar Stenmark køyre slalåm. Eg byrja å drøyme og lengte på svensk. Men noko skjer når aust møter vest. Kva var vi som kom frå eit anna land? spurde Can.

KulturN1000B5875.jpg

– Vi song Taube og Bellmann og såg Ingmar Stenmark køyre slalåm. Eg byrja å drøyme og lengte på svensk, sa Mustafa Can som kom som barn frå kurdisk Tyrkia til Sverige i 1976.

Var sint på Sverige 

Mustafa Can vart sint på samfunnet han vaks opp i.

– Vi var redusert til arbeidarar på Volvo eller innvandrarar som laga eksotisk mat. Landet vi kom frå, og Sverige, gjekk ikkje saman. Vi hadde mindreverdskompleks og skamma kom. Eg byrja hate samfunnet. Eg både hata og elska Sverige. Vi kan aldri bli integrert om vi ikkje får kjenslemessige band til det nye landet. 

Mustafa Can fortalde at biblioteket og skulen forma han på ein god måte.

– Eg hadde ein klok lærar og ein klok bibliotekar. Kan verkeleg to menneske spele så stor rolle? Ja, dei kan. Eg las svensk litteratur og vart ein del av vikingane, bønder og kongar. Vi vart den svenske malmen og skogen. Vi var framveksten til den svenske industrien. Eg vart lenka saman med historia til dette landet. Vi har den fysiske kulturarven, men vi må ikkje gløyme den immaterielle kulturarven. Det er de som utgjer kulturlivet. Gløym ikkje det, sa Mustafa Can.

KUlturN1000B5826.jpg

Gruppa «9 grader nord» underheldt med progressiv etnisk musikk.