Kortare ferjesamband Stord – Kvinnherad

Ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad skal kortast ned. Til våren skal planprogram for innkorta ferjesamband leggjast fram. Alle har no høve til å påverke kvar den framtidige ferja skal gå.

Hordaland fylkeskommune har laga ei nettside der alle kan merka av på kartet kvar ferja bør gå og gje grunngjeving for plasseringa. Det kan du gjere til og med onsdag 13. desember.

I dag går ferja mellom Skjersholmane og Ranavik og brukar 40 minutt. Det medfører lang reisetid mellom regionsentra Leirvik og Husnes.

Interkommunalt samarbeid

Planprogrammet for innkorting av sambandet, med vurdering av framtidige ferjestader, er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Stord og Kvinnherad kommunar.

Innkorting av sambandet er ei prioritert regional oppgåve. Det vil gi kortare overfartstid og hyppigare frekvens. Kvinnherad får langt betre tilknyting til Stord og til E39, og dermed mot Bergen og sørover mot Rogaland. Vidare vil Stord og ytre Sunnhordland få betre tilknyting mot Kvinnherad og indre Hordaland.

Styrke handels- og tenestetilbodet

Raskare ferje vil gje folk og næringsliv innspart reisetid og vil utvide bu- og arbeidsmarknaden mellom regionale sentra i Stord og Kvinnherad. Meir effektiv kommunikasjon mellom kommunane vil og kunne bidra til å oppretthalde og styrke handels- og tenestetilbodet i Leirvik og Husnes som regionale sentra i Sunnhordland. 

Ferdig plan til våren

Fylkeskommunen tek sikte på å få ferdig planprogram i løpet av våren 2018. Planprogrammet vil ta stilling til kva for ferjestø som skal utgreiast vidare, og kva for tema som blir viktig ved utarbeiding av plan for sambandet. Det er kommunane som er planstyremakt, og som vedtek planen. Denne vil kome på høyring. Det vil og bli arrangert folkemøte undervegs i arbeidet med planprogrammet.