Kommunane kan ikkje lenger vere postkasse for private utbyggarar

– Vi må ta utfordringa og få slutt på utbyggarstyrt vilkårleg planlegging og utvikling, sa assisterande fylkesmann Rune Fjeld på plankonferansen i Hordaland tysdag 17. oktober.

270 personar frå kommunar, fylkeskommunar og staten deltek på den to dagar lange plankonferansen i Terminus Hall i Bergen. Rune Fjeld innleia til konferansen og sa han vil ha ei omlegging av arealpolitikken.

– Kommunane kan ikkje lenger nøye seg med å vere postkasse for private utbyggarar. Utfordringa er at vi manglar heilskapleg planlegging og kommunal styring. Utbyggarar og arkitektar manglar profesjonalitet. Vi må få ei omlegging av arealpolitikken. I Oslo utarbeider kommunen alternative reguleringsplaner når dei ikkje er nøgde med private planar. Slik får Oslo reelle val og høve til å styre eigen kommune, sa Fjeld. 

Dei greidde det for 100 år sidan 

Frå Bergen viste Fjeld eit døme på korleis det var mogeleg å bygge godt før i tida.

– Eg kan ta eit døme frå Møhlenpris for 100 år sidan. Der greidde dei å bygge gode urbane kvalitetar med kvartalsstruktur og store fellesareal. Kvifor er det så vanskeleg i dag? Tilveksten av bustadfelt i dag minner meir om middelalderborgar, plassert avsondra og til og med på dei største høgdane i kommunane. Det er nesten bare bymurane rundt som manglar. 

Fjeld ønskjer reindyrking av fortetting i sentrum og at grøne lunger må sikrast.

– Kommunane har ansvar for å sikre verdifulle grøne lunger som ofte er under press. Vi har fleire døme frå Fana med press på små grøne lunger som er viktig for nærsamfunnet. Dette er press på høvet barn og unge har til leik og fysisk aktivitet.

PlankN1000B4225.jpg

– Utbyggarar og arkitektar manglar profesjonalitet, sa assisterande fylkesmann Rune Fjeld på plankonferansen. 

Femminuttsbyen 

Femminuttsbyen, det å ha korte gåavstandar til alle tilbod, slår Fjeld eit slag for.

– Vi har ambisiøse klimamål og byvekstavtale. Veksten i transport skal skje med kollektivtrafikk, sykling og gåing. Utfordringa er korleis vi skal nå måla. Svaret er både enkelt og vanskeleg. Det er fortetting og konsentrasjon, femminuttsbyen og regionsenter. Reisevaneundersøking viser at vi er nesten i mål med gåbyen og å få folk til å gå i sentrum. Men no flatar veksten ut i Bergen. Bustadprisene er så høge at den stoppar utbygging. Bustadbygging skjer heller i omegnskommunane. Utbyggarar gjer Bergen for dyr til å bygge ut. Det fører til lekkasjar til omegnskommunane. 

Fjeld stilte spørsmål om kvar veksten vil kome.

– Den vil høgst sannsynleg kome i bergensområdet, i kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Os, Meland, Lindås og Radøy. Desse kommunane får den største veksten, og desse kommunane må styre arealbruken. 

Stort potensiale for fortetting

Regional areal- og transportplan for Bergensområdet er vedteken av Hordaland fylkesting.

– Vi er kritiske til planen som ikkje gjev tilstrekkeleg stramme rammer for arealplanlegginga i kommunane. Planen viser at det er plass til ein kvart million nye bebuarar i eksisterande sentrumsområde utan å setje av nye område og heller ikkje bygge ut eksisterande ikkje-utbygt område utanfor sentrumsområda. Potensialet for fortetting er stort og kan dekke størstedelen av veksten i planperioden. Sjølv med overflod av areal, planleggast nye strilebyar: Midtmarka i Flatøy, Nordre Bildøy i Fjell, Endelausmarka i Os, Vårheia og Ådland i Bergen. Dette er eit tankekors når vi har svært ambisiøse klimamål å oppnå. Vi må få omlegging av arealpolitikken, sa assisterande fylkesmann Rune Fjeld.

PlanKN1000B4240.jpg

270 er ny rekord med deltakarar på plankonferansen i Hordaland. 

Sentral møteplass 

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø var glad for at det kom så mange deltakarar.

– Plankonferansen er blitt den sentrale møteplassen vi treng for alle som driv med planlegging i Hordaland. Fylkeskommunen vil gjennom regional planlegging vere ein pådrivar for målretta samfunnsutvikling i fylket. Vi jaktar alle på drøymebustaden. Då er det gjerne grøntareal, utsikt, sol og ro som lokkar, i tillegg til tilknytting til staden. Men også nærleik til barnehage/skule, kollektivtransport og butikk tel. Kommunane har ei viktig rolle også i lokalisering av barnehagar og skular med nærleik til der barnefamiliar bur. Det er klart at planlegging har mykje med dette å gjere, sa Pål Kårbø. 

PlankN1000B4234.jpg

– Vi skapar transport gjennom måten vi planlegg på, sa Jarle Jensen, ekspedisjonssjef i kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Kommunane har nøkkelen 

Ekspedisjonssjef i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Jarle Jensen, tok opp nasjonal politikk og regional og kommunal planlegging.

– Det er press på alt areal. Kommunane sit på nøkkelen. Dei skal knyte saman arealbruk, transportbruk, samordne bustad, areal og transportplanlegging. Vi skapar transport gjennom måten vi planlegg på, sa Jarle Jensen.