Jon Askeland ny leiar i utval for miljø og samferdsel

Jon Askeland (Senterpartiet) er valt til ny leiar i Hordaland fylkeskommune sitt utval for miljø og samferdsel. Han overtek etter partifellen Nils T. Bjørke som no er valt til Stortinget.

Dei tre fylkestingsrepresentantane Tom-Christer Nilsen (Høgre), Silje Hjemdal (Fremskrittspartiet) og Nils Til Bjørke (Senterpartiet) vart valde til Stortinget ved valet 11. september. Fylkestinget godkjente 4. oktober at dei får fritak frå dei fylkeskommunale verva sine, og valde erstattarar i same møtet.

I fylkestinget vert dei tre nye stortingsrepresentantane erstatta av desse: John Helge Gullaksen (H), Anita Garlid Johannesen (Frp) og Alexander Fosse Andersen (Sp).

Tom-Christer Nilsen sin erstattar, John Helge Gullaksen, har møtt fast i fylkestinget sidan Nilsen vart statssekretær i desember 2015.

Ny utvalsleiar

Nils T. Bjørke (Sp) har leia utvalet for miljø og samferdsel sidan hausten 2015. Jon Askeland som no overtek leiarvervet, har vore medlem i utvalet frå same tid. Som ny medlem for Senterpartiet i miljø- og samferdselsutvalet rykkjer Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim inn.

Jon Askeland vert også leiar i fylkestrafikksikringsutvalet, og han vert medlem i: Stamvegutvalet (E-16), kontaktutvalet for Bergensprogrammet og medlem i transportarbeidsgruppa i Nordsjøkommisjonen.

Jon Askeland har vore ordførar i Radøy sidan 2007. Han er også leiar i regionrådet for Nordhordland.

I styret for Hordaland husflidslag går Kari Foseid Aakre (Ap) inn i staden for Askeland.

Erstattar Hjemdal

Sigbjørn Framnes går inn som ny fylkesutvalsmedlem for Fremskrittspartiet i staden for Silje Hjemdal. Framnes vert også medlem i fylkesvalstyret.

Roald Stenseide vert ny medlem i administrasjonsutvalet, valnemnda og Vestlandsrådet. Christoffer Thompsen vert ny medlem i klagenemnda.

For Fremskrittspartiet vert det også endringar i to utval: Anita Garlid Johannesen går inn i utval for kultur, idrett og regional utvikling i staden for Sigbjørn Framnes. Christoffer Thompsen vert ny medlem i utval for opplæring og helse i staden for Anita Garlid Johannesen.

Erstattar Nilsen

Tom-Christer Nilsen fekk i fylkestinget 9. mars 2016 fritak frå ei rekkje verv etter at han vart statssekretær frå 16. desember 2015. I samband med at han no er stortingsrepresentant, fornya fykestinget desse fritaka. Men i nokre verv vart det gjort endringar på kven som erstattar Nilsen.

Nils Marton Aadland held fram som medlem i fylkesutvalet og fylkesvalstyret. Silje Eikeland Bjørkly går inn som nestleiar i valnemnda, medlem i kontaktutvalet for Bergensprogrammet og Vestlandsrådet. I desse tre verva har Mona Røsvik Strømme fungert sidan Nilsen vart statssekretær.

Fleire endringar

For alle dei tre nye stortingsrepresentantane er det også gjort ei rekkje nyval på verv som varamedlemmer. Oversikt over desse går fram av protokollen frå fylkestinget sitt møte 4. oktober 2017.